Opningstider i påska
Her er informasjon om opningstidene for kontora våre i Leikanger, Bergen og Førde i påska.
Publisert 10.04.2025
Bergen
Servicesenteret i Bergen heldt stengt onsdag 16. april, men har ope måndag 14. og tysdag 15. april mellom kl. 10 og 14. Det er mogleg å avtale time for apostillestempel ved å ringe 55 57 20 50.
Leikanger
Servicesenteret i Leikanger held stengt heile påskeveka. Det vil ikkje vere mogleg å få apostille desse dagane. Du kan avtale tid for apostille før eller etter påske ved å ringe 57 64 30 00.
Førde
Førde-kontoret held stengt heile påskeveka. Det vil ikkje vere mogleg å få apostille desse dagane. Du kan avtale tid for apostille før eller etter påske ved å ringe 57 64 30 89 / 57 64 30 61.