Skulen si plikt til å melde frå i skulemiljøsaker
Alle som arbeider på skulen plikter etter opplæringslova § 12-4 å melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Rektor skal melde frå til skuleeigar i alvorlege tilfelle og ved mistanke om eller kjennskap til at ein vaksen utset ein elev for krenkingar.
Låg terskel
Det skal vere låg terskel for kva som skapar mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Dersom ein elev seier ifrå om at han eller ho ikkje trivst på skulen, skal det meldast frå til rektor. Det er nok at eleven seier at skulemiljøet ikkje er trygt eller at han/ho ikkje trivst. Ein kan ikkje forvente at eleven skal nytte ordlyden i lova eller vaksne sine omgrep. Det same gjeld dersom føresette seier at ein elev ikkje har det godt på skulen.
Plikta til å melde frå ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og skulemiljø, må sjåast i samanheng med plikta til å følgje med. Dei tilsette kan til dømes få mistanke om eller kjennskap til elevar som ikkje har det trygt og godt gjennom observasjonar av elevane, trivselsundersøkingar eller beskjeder frå medelevar. Dei som arbeider på skulen må vere medvitne om at elevane viser utryggheit og teikn til å ikkje trivast på ulike måtar. Korleis elevane oppfører seg kan gje ein viktig peikepinn på korleis elevane opplever skulemiljøet. Dette gjeld og endringar i det sosiale samspelet mellom elevane.
Rutinar for å melde frå
Rektor er ansvarleg for at skulen har rutinar for å melde frå som er i tråd med plikta til å melde frå i opplæringslova, og at alle tilsette er kjende med rutinane. Rektor kan fastsetje at ein annan på skulen skal ta imot meldingane, men kan ikkje seie frå seg ansvaret for å følgje opp sakene med undersøkingar og eventuelle tiltak.
Tidspunkt for når ein må melde frå må vurderast avhengig av kor alvorleg saka er. I forarbeida står det at ein i nokre saker må varsle rektor straks, mens det i andre saker kan vere forsvarleg å vente til dømes til slutten av skuledagen eller til vekefaste oppsummeringar eller liknande.
Skulen må dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle plikta til å melde frå. Dette kan eksempelvis gjerast ved å sende inn eit varslingsskjema eller referat frå telefonsamtale som viser når og korleis skulen sine tilsette har meldt frå til rektor, og eventuelt når og korleis rektor har meldt frå til skuleeigar.
Plikta til å melde frå til skuleeigar
Rektor skal melde frå til skuleeigar i alvorlege tilfelle. Etter opplæringslova § 12-5 skal rektor også melde frå til skuleeigar ved mistanke om eller kjennskap til at ein som arbeider på skulen krenkjer ein elev. Kva som er eit alvorleg tilfelle, må vurderast etter skjøn. Døme på kva som reknast som alvorleg, er saker der krenkingane har særleg valdeleg karakter eller på andre måtar er særleg integritetskrenkande. Digital mobbing på tvers av skular, og grove truslar gjennom sosiale medium er andre døme på alvorlege tilfelle. Det kan også vere situasjonar som har vart over lang tid, utan at skuleleiinga har klart å løyse saka.
Føremålet med at rektor i alvorleg e tilfelle skal melde frå til skuleeigar, er at skuleeigar i slike tilfelle bør gjerast kjent med saka og involvere seg i korleis den skal løysast. Skuleeigar har det øvste ansvaret for at elevane har eit trygt og godt skulemiljø, og skuleeigar kan ha tilgang til anna informasjon og andre ressursar enn den enkelte skulen.
Dersom nokon som arbeider på skulen får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider der krenkjer ein elev, skal det straks meldast frå til rektor. Rektor skal melde frå til skuleeigar, med mindre meldinga er openbart grunnlaus. Dersom det er nokon i leiinga ved skulen som står bak krenkinga, skal skuleeigar varslast direkte av den som fekk mistanke om eller kjennskap til krenkinga.