Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag

Elevar og føresette til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag.

Publisert 17.02.2025

Elevar og føresette til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag, jf. opplæringsforskrifta § 10-4 eller privatskuleforskrifta § 7-4, dersom dei meiner at gjeldande reglar for fastsetjing av standpunktkarakter, jf. opplæringsforskrifta § 9-16 eller privatskuleforskrifta § 6-16, ikkje er følgt. Skulen må gi elevar og føresette informasjon om klageretten. Sjå Statsforvaltaren sin informasjon til elev/føresett.

Kva må skulen gjere når dei har fått ei klage?

Skulen må først vurdere om dei skal ta klagen til behandling. Klagefristen er 10 kalenderdagar. Merk at elevar under 15 år ikkje har sjølvråderett i spørsmål om opplæringa. Det inneber at føresette må skrive under på klagen. Dersom klagen blir avvist, skal skulen fatte vedtak om det. Det er høve til å klage på eit avvisingsvedtak, og skulen må opplyse om dette i vedtaket.

Dersom skulen er einig i klagen og etter ei ny vurdering set karakteren opp, må skulen fatte nytt vedtak. Vedtaket skal grunngjevast og eleven får ein ny rett til å klage. I saker der skulen er einig med klagar, skal skulen ikkje sende klagen til Statsforvaltaren. Kva er nytt i reglane om klage på sluttvurdering? (Udir)

Skulen må sende saka til Statsforvaltaren dersom karakteren ikkje blir endra til gunst for eleven.

Kva må skulen sende til Statsforvaltaren?

Sjå Standpunktvurdering (Udir) eller merknadane til opplæringsforskrifta § 10-4 (Udir) og privatskuleforskrifta § 7-4 (Udir) for rettleiing ut over punkta under.

  • Klagen
  • Ei grunngjeving frå faglærar, som inneheld
    • Ei skildring som viser at standpunktkarakteren er fastsett ved avslutninga av opplæringa og at kompetansen eleven har vist undervegs i opplæringa har vore ein del av vurderinga.
    • Ei skildring av eleven sin samla kompetanse i faget som viser at faglærar har løfta blikket frå eitt og eitt kompetansemål og sett dei i samanheng, i lys av teksten Om faget i læreplanen.
    • Skildringa må vise korleis eleven sin samla kompetanse er vurdert opp mot kompetansemåla i læreplanen i faget, altså at eleven er vurdert på grunnlag av rett læreplan og ut frå kompetansemåla for det aktuelle trinnet.
    • Skildringa må vise at det ikkje er lagt vekt på utanforliggande omsyn, som eleven sine føresetnader, fråvær, orden eller oppførsel. Det skal heller ikkje vere lagt vekt på innsats, med mindre dette følgjer av læreplanen i faget.
    • Skildringa må vise korleis eleven har fått vise sin kompetanse i faget på fleire og varierte måtar.
    • Skildringa må vise korleis eleven er gjort kjent med kva som blir vektlagt i fastsetjinga av standpunktkarakteren.
  • Ei uttale frå skulen. Skulen må gjere greie for saksbehandlinga, kommentere det klagar peikar på i klagen, gjere greie for korleis skulen har vurdert klagen, stadfeste at faglærar si grunngjeving oppfyller krava til fastsetjing av standpunktkarakter og vise til at eleven har blitt gjort kjent med kva som vart vektlagt i vurderinga.

Dokumenta i saka skal sendast til Statsforvaltaren via vårt elektroniske skjema

Skulen skal sende kopi av saksdokumenta til klagar.

Det er svært viktig at skulen viser til rett informasjon og adresse til klagar i oversendinga til Statsforvaltaren.

Korleis behandlar Statsforvaltaren klagen?

Statsforvaltaren skal vurdere om skulen har følgt reglane i opplæringsforskrifta §§ 9-1 og 9-16 eller privatskuleforskrifta §§ 6-2 og 6-16 ved fastsetjinga av standpunktkarakteren i faget. Statsforvaltaren skal ikkje ta stilling til om standpunktkarakteren er i samsvar med eleven sitt faglege nivå. Dersom Statsforvaltaren kjem til at reglane ikkje er følgt, blir vedtaket oppheva og saka blir sendt tilbake til skulen. Skulen skal sørgje for at det blir gjort ei ny vurdering og fastsett ein endeleg karakter. Skulen skal sende kopi av det nye vedtaket til Statsforvaltaren.

Statsforvaltaren kan avvise klagen dersom det ikkje er klaga innan fristen, eller dersom dei andre vilkåra i forvaltningslova for å behandle klagen ikkje er oppfylt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.