Informasjon til elev og føresette om klage på fastsetjing av standpunktkarakter
Nedanfor finn du informasjon om korleis du kan klage på fastsetjing av standpunktkarakter.
Publisert 17.02.2025
Kva kan du klage på?
- Du kan klage på korleis standpunktkarakteren i fag og i orden og oppførsel er fastsett. Klageretten gjeld òg dersom du ikkje får talkarakter til standpunkt, altså dersom du får IV. Merk at du ikkje kan klage på undervegsvurdering.
- Vi tilrår deg å ta kontakt med skulen og be om å få ei grunngjeving for karakteren før du bestemmer deg for å klage.
Kven kan klage?
- Du som er elev, eller føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage.
- Er du under 15 år må føresette vere einig i at de skal klage.
Frist for å klage
- Klagefristen er 10 dagar frå det tidspunktet du eller dine føresette er gjort kjent med karakteren, eller burde ha gjort dykk kjent med den.
- Ein ny frist på 10 dagar gjeld frå det tidspunktet du eventuelt har kravd og fått ei skriftleg grunngjeving for standpunktkarakteren din.
Slik klagar du
- Skriv kva du meiner er feil i fastsetjinga av standpunktkarakteren din og kvifor.
- Skriv under på klagen. Er du under 15 år, må òg føresette skrive under.
- Send klagen til rektor ved skulen du går på.
Kva skjer når du klagar?
Skulen vurderer først om dei er einig i klagen din. Dersom skulen bestemmer seg for å setje opp karakteren din, eller bestemmer at du skal få ein talkarakter i staden for IV, får du ei grunngjeving for det. Du får ein ny rett til å klage på den nye karakteren.
Dersom skulen ikkje er einig i klagen din, sender dei saka til Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren kan avvise klagen, stadfeste karakteren eller oppheve den. Statsforvaltaren vurderer berre om skulen har følgt reglane for fastsetjing av standpunktkarakter.
- Dersom Statsforvaltaren opphevar karakteren i fag, blir saka sendt tilbake til skulen for ny vurdering. Skulen fastset ein endeleg karakter. Karakteren kan bli ståande, eller bli justert opp eller ned.
- Dersom Statsforvaltaren opphevar vedtak om IV, skjer det same. Saka blir sendt tilbake til skulen for ny vurdering, Følgjande reglar gjeld:
- Dersom klageinstansen opphevar vedtak om IV fordi det ikkje er varsla i tråd med regelverket, skal skulen sette karakter.
- Dersom skulen fastset ein karakter i den nye behandlinga, får du ein ny rett til å klage. Det same gjeld dersom nytt vedtak om IV blir fastsett på eit anna grunnlag enn det opphavelege vedtaket.
- Ved klage på karakter i orden og oppførsel er det Statsforvaltaren som fastset endeleg karakter.
Lenkjer til opplæringsforskrifta og privatskuleforskrifta for meir informasjon
Opplæringsforskrifta:
- 10-4 Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag (Udir)
- 10-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag (Udir)
- 10-6 Klage på standpunktkarakter i orden og oppførsel (Udir)
Privatskuleforskrifta:
- 7-4 Klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag (Udir)
- 7-5 Klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag (Udir)
- 7-6 Klage på standpunktkarakter i orden og i oppførsel (Udir)