Støtte til arbeid med innføring av LK20

Dei fleste skular og kommunar er godt i gong med fagfornyinga og innføring av LK20. For å støtte opp under denne prosessen har vi i samarbeid med dei lokale UH-institusjonane utarbeidd tilbod om fagleg støtte.

Publisert 11.06.2024

Med mål om å fremja elevaktive læringsformer, er det første støttetiltaket retta mot lærarar som underviser på dei høgaste trinna i grunnskuleutdanninga – ungdomsskulen og vidaregåande opplæring. Universitetet i Bergen står for innhaldet, og tiltaket har oppstart våren 2025.

Med utgangspunkt i utfordringane som har vist seg i arbeidet med læreplanen, rettar det andre støttetiltaket seg mot små praksisfellesskap frå skulane, på om lag tre til fire personar. Skuleeigarrepresentantar blir også oppmoda til å delta. Høgskulen på Vestlandet og NLA Høgskolen står for innhaldet, og tiltaket vil ha oppstart våren 2025.

For meir informasjon om dei ulike tiltaka, les meir i brevet som er sendt til skuleeigarane på høgre side.

Påmelding

Utdjupande informasjon om tiltaka og påmelding blir gjort tilgjengeleg på våre heimesider i august/september 2024.

Spørsmål om støttetiltaka kan rettast til: mats.sydengen@statsforvaltaren.no eller per.aaland@statsforvaltaren.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.