Lærarspesialistordninga
Fylkeskommunar, kommunar og private skuleeigarar kan søkje om å delta i vidare utprøving av ordninga med funksjon som lærarspesialist.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I tråd med strategien Lærerløftet - På lag med kunnskapsskolen - pågår det ei pilotering som har som mål å gje lærarar tilbod om nye karrierevegar, samstundes som dei arbeider i klasserommet. Spesialistar i skulen skal vere dyktige i fag og fagdidaktikk. Dei skal òg vere gode til å observere og rettleie andre.
Frå 2018 deltek 558 lærarar og 140 skuleeigarar i piloten på landsbasis. Målet til regjeringa er at det skal vere 3000 lærarspesialistar i skulen innan fire år og at alle skular skal ha tilgang til lærarspesialistar på dei første årsstega.
Les pressemelding frå Kunnskapsdepartementet med meir informasjon om ordninga i høgremeny.