Kartleggingsprøver

Utdanningsdirektoratet (UDIR) har utarbeidd kartleggingsprøver etter nye læreplanar, og dei obligatoriske prøvene er gjort digitale. I haust er kartleggingsprøvene i lesing og rekning obligatoriske for elevane på 3. trinnet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2022

Kvifor kartleggingsprøve?

Kartleggingsprøvene i lesing og rekning er utforma for å finne elevar som treng ekstra oppfølging tidleg i grunnskulen. Resultata frå prøvene gir informasjon om elevar som er rundt eller under ei definert oppfølgingsgrense.

Kven skal gjennomføre prøvene?

Det finst både obligatoriske og frivillige kartleggingsprøver. Kartleggingsprøvene i lesing og rekning på 3. trinn er obligatoriske for alle elevar. Prøvene i lesing og rekning på 1. trinn er frivillige prøver.

Om skulen har bestemt at dei skal gjennomføre frivillige kartleggingsprøver, er prøva obligatorisk for alle elevane på det aktuelle trinnet.

Påmelding og gjennomføringsperiode

Påmeldinga skjer i PAS prøver.

 

Trinn Prøve Obligatorisk eller frivillig  Gjennomføringsperiode Påmelding
1. trinn Lesing Frivillig 14. mars – 6. mai 1. februar. – 6. mai
1. trinn Regning Frivillig

14. mars – 6. mai

1. februar – 5.mai
3. trinn Lesing Obligatorisk

17. – 28. oktober

12. sept. – 27. okt.
3. trinn Regning Obligatorisk

17. – 28. oktober

12. sept. – 27. okt.

Kartleggingsprøver på samisk

Det er utvikla eigne kartleggingsprøver i lesing på nord-, sør- og lulesamisk. Elevane som har nord-, sør- og lulesamisk til førstespråk meldast på dei samiske leseprøvene i PAS-prøver.

Kartleggingsprøvene i rekning er oversett og tilpassa nord-, sør- og lulesamisk. Elevane som har nord-sør- og lulesamisk som førstespråk, meldast på til kartleggingsprøve i rekning i PAS-prøver.

Utgåande prøver

Kartleggingsprøve i engelsk går ut frå og med 2022. Kartleggingsprøver for 2.trinnet er avvikla, og skal ikkje lengre gjennomførast.

Du finn meir informasjon om kartleggingsprøver her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar