Hugs å gjennomføre Elevundersøkinga før jul
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får høve til å sei si meining om læring og trivsel i skulen. Svara vert brukt av skulen, kommunen og staten for å kunne betre skulemiljøet for elevane.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 12.12.2019
Elevundersøkinga for haustsemesteret 2019 er i gong. Fristen for å gjennomføre hausten 2019 er 3. januar 2020.
Etter denne fristen er det ikkje lenger mogleg for skulen å gjennomføre undersøkinga, og både skulen og skuleeigar går glipp av viktig informasjon om elevane sitt skulemiljø.