Fritak frå vurdering med karakter i framandspråk

Statsforvaltaren behandlar søknader om fritak frå vurdering med karakter i framandspråk i vidaregåande opplæring. Fritaket gjeld ikkje engelsk.

Det er berre elevar eller tidlegare elevar på studieførebuande utdanningsprogram som kan søkje om fritak frå vurdering med karakter i fellesfaget framandspråk.

Kven kan få innvilga fritak 

Det er to overordna vilkår som eleven må oppfylle for at Statsforvaltaren skal innvilge fritak:

a) Eleven har dysleksi eller spesifikke språkvanskar, eller dokumenterte vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller spesifikke språkvanskar når det gjeld konsekvensar for eleven i faget.

b) Vanskane er av ein slik grad at individuell vurdering ikkje er eller var tilstrekkeleg for å sikre likeverdige opplæringsmoglegheiter.

Dersom eleven har valt å avbryte opplæringa i framandspråk, må eleven i tillegg sannsynleggjere at han eller ho ikkje var i stand til å følgje faget.

Fritak føreset at søkjaren legg fram dokumentasjon som viser at vilkåra for å få fritak må reknast for å vere oppfylte. Dette inneber at søkjaren må ha:

  • Dokumentasjon som stadfestar at eleven har dysleksi, spesifikke språkvanskar eller vanskar som ligg nær opp til dysleksi eller språkvanskar når det gjeld kva konsekvensar vanskane gir i språkfaget.

  • Uttale frå skulen som seier noko om den individuelle tilrettelegginga som er eller har vore forsøkt i faget, og kva effekt denne har hatt med tanke på å sikre eleven likeverdige opplæringsmoglegheiter.

  • Vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring i framandspråk frå grunnskulen eller vidaregåande på grunn av dysleksi, spesifikke språkvanskar eller vanskar som ligg nært opp til desse, eller ein sakkunnig uttale som vurderer at eleven sine språkvanskar gjer det openbert at tiltak gjennom eit vedtak om individuelt tilrettelagt opplæring ikkje vil føre til at eleven får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

Slik søkjer du om fritak

Er du elev eller tidlegare elev i Vestland og meiner du oppfyller vilkåra, så sender du søknad om dispensasjon til Statsforvaltaren i Vestland. Statsforvaltaren rår likevel til at elevar som skal søkje, sender søknaden sin via skulen. Dette er for å kvalitetssikre søknaden og gje skulane eit oversyn over talet på elevar som søkjer.


Kva inneber det å få innvilga slikt fritak

  • Fritaket gjeld både halvårsvurdering med karakter og standpunktvurdering, og eleven skal ikkje vere med i eksamenstrekket for framandspråket.

  • Om eksamen i faget er gjennomført før dispensasjonen vert innvilga, skal eksamen annullerast. Statsforvaltaren skal innvilge dispensasjon frå kravet om talet på eksamenar.

  • Eleven skal ha opplæring i faget, i tillegg til halvårsvurdering og anna undervegsvurdering utan karakter.

  • Om eleven har fått eksamenskarakter eller standpunktkarakter i faget, skal skuleeigar stryke desse.

  • På vitnemålet skal skulen føre FAM02 (fritatt frå vurdering med karakter).

Ordninga gjeld ikkje for privatistar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.