Barnehage må betale tilbake kommunalt tilskot etter brot på barnehagelova
Fylkesmannen i Vestland har gjort vedtak om at Cultiva barnehage AS må betale tilbake kr. 1 800 000 til Bergen kommune.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I oktober 2018 mottok Fylkesmannen i Hordaland ei klagesak om tilbakebetaling av kommunalt tilskot. Klaga omhandla Cultiva barnehage AS, der Bergen kommune etter tilsyn hadde gjort vedtak om tilbakebetaling av kommunalt tilskot på kr. 2 054 000. Fylkesmannen i Vestland har no behandla klaga, og gjort nytt vedtak i saka.
Saka er behandla etter barnehagelova § 14 a, der det går fram at offentleg tilskot skal kome barna i barnehagen til gode. Barnehagen kan ha eit rimeleg årsresultat, men dette inneber at tre vilkår må vere oppfylt:
«a) barnehagen kan bare belastes kostnader som direkte vedrører godkjent drift av barnehagen,
b) barnehagen kan ikke overfor eier eller eiers nærstående eller selskap i samme konsern som eier foreta transaksjoner og belastes kostnader på vilkår eller med beløp som avviker fra eller overstiger det som ville vært fastsatt mellom uavhengige parter, og
c) barnehagen kan ikke ha vesentlig lavere personalkostnad per heltidsplass enn det som er vanlig i tilsvarende kommunale barnehager».
Fylkesmannen har kome til at barnehagen ikkje hadde eit rimeleg årsresultat i åra 2014-2016, da vilkåra i lova ikkje var oppfylt. Vi har konstatert brot på bokstav a, fordi barnehagen har blitt belasta kostnader som ikkje vedkjem godkjent drift av barnehagen. Vi har og konstatert brot på bokstav c, fordi barnehagen har hatt vesentleg lågare personalkostnad per heiltidsplass.
Endringane i vedtaket, samanlikna med vedtaket frå Bergen kommune, gjeld korrigeringar av vikar- og pensjonskostnader, samt fråtrekk for bilkostnader, ulovleg lån til eigar, og løn for eksterne kurs.
Kontaktpersonar
-
Marianne Svege
Tlf: 55 57 22 55 / 41 61 42 96