Barnehage og opplæring

Oppdatert 13.08.2024

Barn og unge har rett til ei god utviklings- og opplæringstid frå barnehagealder til fullført vidaregåande opplæring.

  • Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av november det året det blir søkt om barnehageplass. Barnet kan få plass i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
  • Barn og unge har plikt og rett til ei tiårig grunnskuleopplæring frå dei fyller seks år, og rett til å få denne finansiert av det offentlege. Det er kommunane som har ansvaret for grunnskuleopplæringa.
  • Dei som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring varer fram til du har oppnådd studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Dette er nye reglar som gjeld frå 1. august 2024 når ny opplæringslov trer i kraft. Det er fylkeskommunen som har ansvar for opplæring på vidaregåande skule.

Statsforvaltaren gjennomfører tilsyn og behandlar klagar

Statsforvaltaren skal informere og rettleie innbyggjarar og eigarar av barnehagar og skular etter opplæringslova, privatskulelova og barnehagelova med tilhøyrande forskrifter. Statsforvaltaren er også klageinstans for enkeltvedtak på desse områda og fører tilsyn etter opplæringslova og barnehagelova.

Tilskot til skular og barnehagar

Det er i hovudsak skule- eller barnehageeigaren og kommunane som har rett til offentlege tilskot. Statsforvaltaren har oppgåver knytte til kontroll, klage og oppfølging av slike tilskot.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

26.03.2025

Alle barn og unge skal kunne delta i fritidsaktivitetar

Vi oppmodar kommunane i fylket om å utvikle lokale fritidserklæringar, slik at fleire barn og unge kan delta og medverke i fritidsaktivitetar.


12.03.2025

Alle elevar i vidaregåande opplæring har rett til å fullføre

Elevar med individuelt tilrettelagd opplæring har rett til opplæring fram mot studie- og yrkeskompetanse, sjølv om dei har nådd måla i IOP.


11.03.2025

Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande

Fylkeskommunen og private vidaregåande skular godkjent etter privatskulelova kan søkje om tilskot til opplæring i kvensk og finsk i vidaregåande.


26.02.2025

Digital samling om læreplanforståing og standpunktvurdering

Vi inviterer kommunar og fylkeskommunen til digital samling om læreplanforståing og standpunktvurdering 11. april 2025 kl. 09.00-11.00.


26.02.2025

Studiepermisjon for vidareutdanning i samisk studieåret 2025-2026

Skuleeigarar kan søkje om tilskot innan 1. april.


20.02.2025

Tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar for 2025

Kommunar i Vestland kan søkje om tilskot til symjeopplæring. Søknadsfrist er 21. august 2025.


20.02.2025

Tilskot til opplæring i samisk i vidaregåande

Fylkeskommunen og private vidaregåande skular godkjent etter privatskulelova kan søkje Utdanningsdirektoratet om tilskot til opplæring i samisk i vidaregåande innan 15.mai.


20.02.2025

Digitale samlingar og nettverk om barnekoordinatorordninga

Jobbar du som barnekoordinator? Eller har du ansvar for barnekoordinatorordninga? 


19.02.2025

Klage på eksamen

Statsforvaltaren er klageinstans på sluttvurdering i grunnskulen, vidaregåande opplæring og vaksenopplæringa. På denne sida vil du finne informasjon om korleis du skal gå fram om du vil klage på eksamen.


17.02.2025

Avklaringar om bruk av tvang i skuletida

Nokre føresetnader må vere på plass for at kommunen kan bruke tvang og makt når elevar er på skulen.  


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel