Verktøy i innsatsen mot vald og overgrep mot barn
Kommunane har ei viktig oppgåve når det gjeld å avdekke, avverje og førebyggje vald og overgrep. Det er utvikla ulike verktøy ein kan nytta i innsatsen mot vald og overgrep mot barn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Om lag 1 av 20 barn veks opp under forhold prega av vald. Å vekse opp med vald, overgrep og omsorgssvikt aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet. Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017-2021) tek føre seg vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge. Planen gir ei oversikt over dagens situasjon, tiltak for å bekjempe vald og overgrep, og hovudutfordringane knytt til vald og overgrep.
Verktøy og læringsressursar
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), og Ressurssenter om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) har utarbeidd to verktøy i arbeidet.
«Jeg vet» er ein læringsressurs utvikla av Bufdir, og skal bidra til å førebyggje vald, overgrep og mobbing gjennom å gje barna auka kunnskap om desse tema. Læringsressursen gir lærarar i barnehage og skule tilgang til kvalitetssikra og alderstilpassa læringsopplegg for å gje barn og unge kunnskap om vald, overgrep og mobbing.
«Snakke sammen» er eit verktøy utvikla av RVTS på oppdrag frå Bufdir. For mange er det utfordrande å snakke med barn som vi har mistanke om kan ha vore utsett for vald og overgrep. Opplæringsportalen er eit digitalt verktøy der hjelparar kan øve på å snakke med barn om vald, overgrep og omsorgssvikt. Ein samtale kan skape tillit og tryggleik, men også det motsette. Derfor kan det vere fint å trene – spesielt saman med kollegaer.
Fylkesmannen i Vestland og RVTS inviterer til webinar med tema korleis snakke med barn og unge om vald og overgrep 15. desember. Les meir og meld deg på her.