Tenester til barn og unge skal vere opne og tilgjengelege
Kommunane skal halde tenester til barn, unge og utsette familiar opne og tilgjengelege. Dette er viktig for å redusere konsekvensar av pandemien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Bufdir, har kome med tydelege anbefalingar om korleis ivareta barn og unge i ei tredje smittebølgje.
- Tenester til barn, unge og utsette familiar skal vere opne og tilgjengelege
- Smitteverntiltaka skal kome som ein konsekvens av smitte i lokalmiljøet.
- Tenestene skal arbeide for (tilstrebe) tilstrekkeleg kapasitet og høg kvalitet.
- Barn, unge og utsette familiar skal vite korleis dei kjem i kontakt med tenestene.
- Medverknadsprosessar skal oppretthaldast.
Tiltaksbyrden for barn og unge skal vere så låg som mogleg, og smitteverntiltaka skal ikkje auke belastninga for barn, unge og utsette familiar unødig.
Bufdir har kome med anbefalingar til kommunal barnevernsteneste, Bufetat, kommunar, statsforvaltarar og andre offentlege instansar. Her finn de også oppdatert brev om korleis barnevernstenesta bør prioritere sine oppgåver under pandemien dersom det ikkje er mogleg å løyse alle oppgåver.