Saksbehandling ved inhabilitet i barnevernstenesta
Dersom det på grunn av inhabilitet ikkje er nokon i kommunen som kan behandle saka, kan Statsforvaltaren overføre saka til ein annan kommune.
Utgangspunktet er at den som skal behandle ei sak må vere habil, og at inhabilitet kan føre til at avgjerder vert ugyldige. Det gjeld unntak frå dette når det hastar å ta avgjerd. Kommunen må kontakte Statsforvaltaren dersom det er nødvendig å overføre saka til ein annan kommune.
Saker som hastar
Barnevernstenesta må alltid gjere hastevurderingar. Der det er nødvendig, må barnevernstenesta gjere hastevedtak. Forvaltningslova § 7 slår fast at ein tenestemann som er inhabil kan behandle eller ta førebels avgjerd i ei sak, dersom utsetting ikkje kan skje utan vesentleg ulempe eller skadeverknad. Dette gjeld til dømes for mellombelse vedtak i akuttsituasjonar.
Krav om å vurdere habilitet
Til vanleg avgjer den tilsette sjølv om han eller ho er habil, sjå forvaltningslova § 8. Bakgrunnen for denne regelen er at tenestemannen sjølv veit best kva tilknyting han har til saka eller partane i saka. Tenestemannen skal leggje habilitetsspørsmålet fram for sin næraste overordna for avgjerd, dersom ein part krev det og det ikkje vil føre til at mykje tid går tapt, eller dersom tenestemannen sjølv meiner det er grunn til det.
Når barnevernleiaren er inhabil
Ved inhabilitet skal kommunen om nødvendig finne ein annan tenestemann som kan behandle saka, sjå forvaltningslova § 9. Dersom barnevernsleiaren er inhabil, kan ein saksbehandlar som ikkje er inhabil, førebu saka, men ikkje ta avgjerd, sjå forvaltningslova § 6 tredje ledd. Kommunen kan bestemme at ein overordna eller sideordna leiar skal ta avgjerd i saka i staden for barnevernsleiaren, sjå forvaltningslova § 9 første ledd.
Når ingen i kommunen kan behandle saka
Dersom det på grunn av inhabilitet er vanskeleg å finne nokon i kommunen som kan behandle saka, kan Statsforvaltaren ta avgjerd om å overføre saka til ein annan kommune. Dette går fram av forvaltningslova § 9 andre ledd og delegasjon frå Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 16. februar 2011.
Kontakt med Statsforvaltaren om overføring av sak
Når ein kommune kontaktar Statsforvaltaren om overføring av ei sak, må kommunen ved oversending av saka til Statsforvaltaren gjere greie for inhabilitetsvurderingane sine og kvifor det er særleg vanskeleg å finne representant.
Ansvar for saka etter overføring
Dersom Statsforvaltaren overfører saka til ein annan kommune, har den kommunen som får saka overført, ansvaret for vidare behandling av saka. Barnets opphaldskommune er ansvarleg for dei økonomiske kostnadene med saka, med mindre kommunane avtalar noko anna. Dette går fram av brev 23. desember 2011 frå departementet til Fylkesmannen i Hedmark og brev 29. april 2016 frå Bufdir til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Kontaktpersonar
-
Vibeke Herskedal
Tlf: 55 57 22 44 -
Turid Måseide
Tlf: 57 64 31 64 -
Anna Vattekar Sandvoll
Tlf: 57 64 31 02 -
Linda Kråkenes
Tlf: 55 57 21 75 -
Martine Kolberg
Tlf: 55 57 21 06 -
Silje Selvik Fjose
Tlf: 55 57 20 31 -
Mariken Wedervang
Tlf: 55 57 21 01