Nye flyttemeldingsskjema for barn i barnevernet
Skatteetaten har laga nye flyttemeldingsskjema som barnevernet skal bruke i saker der flytting av barnet skjer etter vedtak frå barnevernet. Dei vil vere enklare å bruke, sikrare og gjev barna betre vern.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skjemaet for ordinær flytting er heilt nytt, medan skjemaet for flytting til fortruleg/strengt fortruleg adresse berre er endra. Korleis barneverntenesta skal gå fram ved melding om flytting, er også skildra i sakshandsamarrundskrivet punkt 11. Melding til folkeregisteret om adresseendring på barn.
Ny rutine i flyttesaker
Kvar gong barnevernet har gjort vedtak om at eit barn skal flytte, skal barnevernet melde flytting for barnet. Dette gjeld både ved vanleg flytting, og der barnet flyttar til fortruleg/strengt fortruleg adresse. Det gjeld òg når barnet skal flytte tilbake til foreldra. Skjemaet for ordinær flytting skal nyttast både ved omsorgsovertaking og ved frivillig flytting.
Kvar ligg skjemaa?
Skjemaa vil vere tilgjengeleg i barnevernets saksbehandlingssystem eller i systemleverandørens kundeportal. Det vil sei at ein ikkje finn dei på Skatteetaten sine sider som tidlegare, og dersom dei tilsette i barneverntenesta ikkje finn skjemaa i sitt sakshandsamarsystem så kan ein ta kontakt med si eiga IKT-teneste for å få hjelp, då det kan vere naudsynt å laste dei ned og gjere dei tilgjengelege.
Kvifor nye skjema?
Barnevernet har tidlegare mangla ei nasjonal rutine for å melde flytting for barn. Feil og manglande informasjon i flyttemeldinga for desse barna, har ført til at både barnevernstilsette og folkeregistertilsette har brukt mykje tid på å følgje opp flyttesaker. Det har dessutan vore mogeleg for foreldre som ønskjer det, å lure systemet og flytte eigne barn sjølv om barnevernet har omsorgsansvaret. Formålet med dei nye skjemaa er å sikre barna betre og unngå at barnevernet må bruke unødig mykje tid på å følgje opp flyttesaker.