Barneombodet peikar på utfordringar i barnevernsinstitusjonar i ny rapport

Barneombodet kjem med innspel til styresmaktene i rapporten som dei har kalla «De tror vi er shitkids».

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.02.2020

I rapporten kjem barneombodet med seks hovudfunn og sine anbefalingar på korleis ein skal ta tak i desse hovudfunna.

  • Mangel på tidleg innsats skapar problem
  • Barnets beste styrer ikkje val av institusjon
  • Ungdommane sjølv har viktig informasjon om god omsorg
  • Endringsarbeid krev fag og forståing
  • Vi må tenke nytt om dei mest alvorlege sakene
  • Barneverntenesta må følgje betre opp

Gjennomgang av 77 barnevernssaker

I arbeidet med rapporten har barneombodet snakka med 39 ungdommar som bur eller har budd på barnevernsinstitusjon, gått igjennom 77 barnevernssaker, besøkt 17 institusjonsavdelingar og snakka med leiing og tilsette på institusjonar og i barneverntenester. Dei har tatt for seg fleire sider ved institusjonstilbodet, og i tillegg sett på barneverntenesta sitt arbeid før, under og etter institusjonsopphaldet.

Formålet

Barneombodet ønska å vite meir om kva ungdommar tenke om sin eigen situasjon, kva hjelp dei får på institusjonane og kva råd dei har til tenestene som skal hjelpe dei. Rapporten løfter fram barna og ungdommane sine stemmer, og kjem med forslag til korleis styresmaktene kan sikra at barnevernet og institusjonane vert best mogeleg for barn. 

I rapporten kan lese meir om både funna og anbefalingane. På nettsida til barneombudet finn du i tillegg meir om arbeidet bak rapporten og video frå pressekonferansen på lanseringa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.