Tilskot til lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2024 23:00
- Målgruppe:
- Personar med behov for lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Helse- og omsorgsavdelingen
- Kven kan søke:
- Kommunar og frivillige organisasjonar
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2025
Kommunar i Agder, Vestfold og i Telemark kan no søkje om tilskot til å styrke kvaliteten i tilbodet til personar med behov for lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet. Søknadsfrist er 1. mars 2024.
Tilskotet skal bidra til samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar om kompetansehevande tiltak, og bidra til å ta vare på behova til dei pårørande.
Forvaltninga av tilskotet er eit samarbeid mellom dei regionale kompetansesentrene for lindrande behandling og Statsforvaltaren.
Praktisk informasjon:
- Søknads- og rapporteringsfrist er 1. mars 2024
- Kommunar i Agder og Vestfold og Telemark som skal søkje, sender søknaden som eit vedlegg til ein epost som sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no (utan kopi til sakshandsamar)
- Rapporteringsskjema for tilskot delt ut i 2023 sendast til same epostadresse som over
- Søknads- og rapporteringsskjema er å finne i boksen "Dokument" på denne sida
- Lenkje til regelverk og annan informasjon om tilskotsordninga er å finne i boksen "lenker" og "dokumenter" på denne sida
- Vi har som mål å sakshandsame søknadene innan 30.04.24. Etter dette kan søkjarar vente eit svar i løpet av 1-2 veker (før 17. mai)
Søkjarar som har behov for faglege råd og rettleiing kan kontakte
- Kompetansesenter for lindrende behandling i Helse Sør-Øst, (KLB) Regional kompetansetjeneste for lindrende behandling, kslb@ous-hf.no. Telefon: 23026684
- Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) i fylket
Digital opplæringspakke og mentoropplæringspakke
Vi gjør merksam på denne ressursen til bruk i kompetansearbeid i lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet: Digital opplæringspakke i lindrende behandling og omsorg ved livets slutt, og mentoropplæringspakke (DIGOP) (inn.no)
Dersom du ynskjer å melde deg på mentorkurset og/eller sjølve opplæringspakka, sjå Høgskolen i Innlandet sine nettsider (over). Kontaktperson: Lucie Furulund, mobil: 970 67 210, E-post: lucie.furulund@inn.no
Tidspunkter for mentorwebinarer våren 2024 (med atterhald om endringar):
- Onsdag 6. mars kl 10-13
- Torsdag 21. mars kl 9-12
- Onsdag 17. april kl 12-15
Utviklingssenterne kan søkje tilskot gjennom lindrande-tilskotet til å koordinere interkommunalt kompetansearbeid. Søknaden må være avtalt med samarbeidande kommunar og samarbeidsavtalar skal følgje med i søknaden.
- Søknadsfrist:
- 1. mars 2024 23:00
- Målgruppe:
- Personar med behov for lindrande behandling og omsorg ved slutten av livet og deira pårørande
- Ansvarleg:
- Helse- og omsorgsavdelingen
- Kven kan søke:
- Kommunar og frivillige organisasjonar
- Rapporteringsfrist:
- 1. mars 2025
Kontaktpersonar
Dokument
- Søknadsskjema 2024 lindrande behandling (nynorsk) - word
- Søknadsskjema 2024 lindrende behandling (bokmål) - word
- Rapportskjema 2023 - Tilskudd til lindrende behandling og omsorg ved livets slutt.- word
- Regelverk for tilskuddsordningen - Helsedirektoratet
- Standardvilkår for tilskudd fra Helsedirektoratet