Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontora

Søknadsfrist:
1. februar 2022 23:00
Målgruppe:
Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
Ansvarleg:
Helse- og sosialavdelinga
Kven kan søke:
NAV-kontor i Vestfold og Telemark
Rapporteringsfrist:
1. februar 2022

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til å utvikle dei sosiale tenestene og tiltaka i kommunane etter sosialtenestelova.

Publisert 15.12.2021

Det overordna målet med denne tilskotsordninga er å skape eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa dei behova brukarane har.

Det er NAV-kontora i Vestfold og Telemark som kan søke.

Formål og målgruppe

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til å utvikle sosiale tenester som er heimla i sosialtenestelova. Sosialtenestelova inngår i det samle verferdsansvaret til kommunane.

Sosialtenestelova har som formål å betre levekåra for dei vanskelegstilte:

  • bidra til sosial og økonomisk tryggleik, under dette at kvar enkelt får høve til å leve og bu sjølvstendig, og fremje overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet
  • bidra til at utsette barn og unge og familiane deira får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod
  • bidra til likeverd og likestilling og førebyggje sosiale problem

Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal innbyggjarane i kommunen oppleve at kvaliteten i tenestene aukar, og følgjeleg at også levekåra blir betre.

Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som treng sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.

Følgjande utviklingsområde blir særskilt prioriterte i 2022

  • heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behova til brukarane
  • arbeid med barnefamiliar, ungdom, innvandrarar og langtidsmottakarar av sosiale tenester
  • sikring av sårbare overgangar, blant anna lauslating etter straffegjennomføring, mellom utdanning og arbeidsliv og mellom ulike tenester som barnevernet og NAV
  • førebygging og/eller tidleg innsats

 

Meir om ordninga finn du i kunngjeringa frå NAV og på nettstaden deira på høgre side.

 

Søknadsfrist:
1. februar 2022 23:00
Målgruppe:
Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
Ansvarleg:
Helse- og sosialavdelinga
Kven kan søke:
NAV-kontor i Vestfold og Telemark
Rapporteringsfrist:
1. februar 2022