Varslingsprøve på mobiltelefon
Onsdag 14. juni klokka 12 vil mobilen din truleg lage høg lyd og vibrere, sjølv om lyden er skrudd av. Årsaka er at det nye varslingssystemet Nødvarsel på mobil blir testa. Samstundes testar Sivilforsvaret sine sirener. Gi gjerne beskjed til personar du trur kan bli uroa av ei slik varslingsprøve.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kven får testen?
Testen går ut til alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar i Norge som er kopla på 4G/5G. Nokre nettbrett og smartklokker kan også vise nødvarsla.
Dette er Nødvarsel
Nødvarsel vart lansert i januar i år, og skal brukast til å varsle innbyggarane i Noreg på mobiletelefon om akutte og alvorlege hendingar som trugar liv og helse. I ein reell situasjon inneheld eit nødvarsel informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere. Nødvarsel kan brukast både ved lokale, regionale og nasjonale hendingar.