Samfunnstryggleik og beredskap

Oppdatert 29.05.2024

Alle har eit ansvar for å førebyggje uønskte hendingar og kriser, og å handtere dei viss dei likevel skjer. Vi må ta førebyggjande omsyn i alt frå arealplanlegging i kommunane til HMS-tiltak på den enkelte arbeidsplassen. Som innbyggjar kan du utruste deg til å klare deg sjølv i ei veke.

Statsforvaltaren er eit bindeledd mellom sentrale og lokale styresmakter, og har ei sjølvstendig rolle som pådrivar og rettleiar for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

I ein krisesituasjon er politiet, den ansvarlege fagetaten eller kommunen den viktigaste informasjonskjelda til innbyggjarane. Statsforvaltaren kan i ein del tilfelle ta eit samordningsansvar for krisehandteringa på regionalt nivå, for å sikre gode og samordna løysingar mellom aktørane. Fylkesberedskapsrådet er eit viktig forum for å ivareta samordningsansvaret. I rådet deltek leiarar av offentlege beredskapsetatar, kommunar, næringsliv og frivillige organisasjonar. 

Råd om eigenberedskap til deg som er innbyggjar i Noreg

Du er ein del av Noregs beredskap. Vi lever i ei stadig meir uroleg verd - mellom anna på grunn av klimaendringar, krig og digitale truslar. Sjølv om det meste fungerer som det skal i Noreg, må vi vere budde på at ekstremver, pandemiar, ulukker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan råke oss. 

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår derfor at flest mogleg er budde på å klare seg sjølv i ei veke i ei krise. Det er fordi kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje kan greie seg sjølv. 

Korleis vil du og dine næraste klare dykk dersom straumen blir borte ein lengre periode? Kva gjer du viss vatnet forsvinn? Kva viss du ikkje får handla på ei veke?

Finn gjerne også ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dei grunnleggande behova dei første døgna av ei krise er varme, mat, drikke, legemiddel, hygiene og tilgang til informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv ei veke, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål.

Sikkerhverdag.no har informasjon om kva som bør vere på plass i ditt eige beredskapslager.

Vis meir

Gå inn på boksane ovanfor for informasjon, lenker, dokument osb. om dei forskjellige temaene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.