Ny koordinator for Leve heile livet-reforma hjå Statsforvaltaren
I april starta ein ny koordinator for Leve heile livet-reforma hos Statsforvaltaren; Elisabeth Holte.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Jobben hennar er i første omgang å sy saman mange trådar, basert på føringane til regjeringa og den lokale historia frå 2018-2021. Folkehelserådgjevar Roger Jensen vil bistå i arbeidet med reforma.
I 2021 legg Helsedirektoratet opp til ei rekke nye satsingar for å styrke grunnlaget for Leve heile livet-reforma. Eksempelvis Kompetanseløft 2025, Demensplan 2025, pårørandestrategi og nasjonal ernæringsplan for eldre. Vi i Vestfold og Telemark må avklare korleis nye satsingar skal setjast i verk.
Akkurat no er vi halvvegs i reformperioden for Leve heile livet (2019-2023). I boksen "Dokumenter" finn du gjennomføringsplanen for Vestfold og Telemark. Planen er utarbeidd av det regionale støtteapparatet, som består av representantar frå Statsforvaltaren, Fylkeskommunen, Kommunesektorens organisasjon (KS) og Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT).
Følgjande personar deltek i regionalt støtteapparat i Vestfold og Telemark (pr. 1. mai 2021):
Merethe Taang, KS
Lisbeth Haugan, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Marit Skraastad, USHT Telemark
Lene Hennum, Vestfold og Telemark fylkeskommune
Ellinor Bakke Aasen, USHT Vestfold
Agnes Haugan, Vestfold og Telemark fylkeskommune
Therese Midtgaard Jensen, USHT Vestfold
Inger Elisabeth Borge, Vestfold og Telemark fylkeskommune
Elisabeth Holte, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Finn Egil Aure, Vestfold Telemark eldreråd
Roger Jensen, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark