Kommuneundersøkinga 2021 er publisert

Kommunane i Vestfold og Telemark er framleis, trass pandemien, flinke til å ivaretake dei lovpålagte beredskapsoppgåvene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.05.2021

Som i tidlegare år har alle kommunane i fylket svart på undersøkinga, noko som er med på å sikre god kvalitet på det biletet som teiknar seg av status på oppfylgjinga av sentrale beredskapsoppgåver.

Kartleggjinga vert nytta aktivt av Statsforvaltaren i det kommuneretta beredskapsarbeidet, mellom anna ved tilsyn og øvingar. Ho er óg med på å leggje premissane for utforming av fagdagar, seminar og liknande aktivitetar.

Samstundes som denne undersøkinga syner gode resultat for fylket, så merker me at handteringa av pandemien er krevande, og at mellom anna arbeidet med revisjon av heilskapleg ROS er utsett i fleire av kommunane.

Det blir viktig at me saman kan halde fokus oppe når me er gjennom pandemien, både for å hauste lærdom og for å kome ájour med det beredskapsarbeidet som har hamna i bakleksa.

Artikkel på heimesida til DSB med lenke til undersøkinga finn de her 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar