Kommunane skal risikovurdere seg sjølv i samband med pandemien

For at kommunane skal finne rett tiltaksnivå, har regjeringa innført eit nytt system for å risikovurdere smittesituasjonen under koronaviruspandemien. Systemet legg til rette for betre oversikt, og kommunane vil leggje ut informasjon om risikonivået på sine nettstader.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2021

Det er den einskilde kommune som skal gjere ei risikovurdering av sin eigen situasjon. Til hjelp mottek dei nødvendig informasjon frå både Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet. Statsforvaltaren kan også hjelpe kommunane med deira vurderingar.

-Ei slik risikovurdering skal munne ut i ei enkel utgreiing av utbrotet eller situasjonen i kommunen, og ein konklusjon om risikonivå. Risikonivået skal vere eit produkt av sannsynet for forverring om det ikkje gjerast tiltak, og konsekvensane ei slik forverring vil kunne gje, seier assisterande fylkeslege Mats Foshaug hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Risikonivået kan være eitt av fem nivå, der nivå 1 er minst alvorleg og nivå 5 er mest alvorleg. Nivå 1 er der ein har kontroll, nivå 2 der ein har klynger med smitte men har kontroll, nivå 3 når ein har aukande spreiing, nivå 4 når spreiinga av smitte er utbreidd, og nivå fem når spreiinga er ukontrollert.

-Det nye systemet legg til rette for betre vurderingar og betre oversikt, både for kommunen og regionale og statlege mynde. Det vil også gjere det enklare for publikum å kunne vite korleis situasjonen er i den einskilde kommune og på fylkesnivå, seier Mats Foshaug.

Risikovurderingane skal munne ut i at kommunane finn det rette tiltaksnivået for å slå ned smitta. Folkehelseinstituttet har utarbeida tiltakspakker knytt til dei forskjellige risikonivåa, som er beskrive i Håndbok for oppdaging, vurdering og håndtering av covid-19 utbrudd i kommunen

Det overordna målet med risikovurderingane og tiltakspakkane er å sikre låg smitte i samfunnet, og at helsetenestene ikkje vert overbelasta.

Statsforvaltaren har gjennom dei siste vekene nøye informert kommunane om korleis risikovurderingane skal utførast, og forventar at alle kommunane rapporterer om risikonivå til oss kvar veke i tida som kjem. På bakgrunn av kommunane sine vurderingar vil Statsforvaltaren bidra med samordning av tiltak mellom kommunar og innanfor bo- og arbeidsregionar, der det er hensiktsmessig.

Statsforvaltaren vil også kvar veke presentere ein samla oversikt over kommunane sine vurderingar på vår nettstad. Den fyrste vil gjerast tilgjengeleg i veke 3.

Lenkjer:

https://www.fhi.no/nettpub/overvaking-vurdering-og-handtering-av-covid-19-epidemien-i-kommunen/

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/beredskapsplan-for-smitteverntiltak-under-covid-19-pandemien/id2791719/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar