Framleis samordna tiltak

I dialog med Fylkesmannen er kommunane i Vestfold og Telemark samde om å vidareføre dei sameinte koronatiltaka i kommunar i sone ein, i tillegg til nasjonale råd og tiltak. Kommunar med høg smitte har i tillegg lokale forskrifter med strengare tiltak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.12.2020

Kommunar med lågare smitte (sone to) skal følgja dei nasjonale råda.

Under eit møte i føremiddag mellom Fylkesmannen og kommunane, vart det einigheit om å vidareføre delinga av fylket i to soner.

Føremål med møtet var å vidareføre ein felles haldning til korleis vi skal forhalda oss til det auka smittetrykket og oppmodinga frå regjeringa om å vurdera særskilde tiltak i områder med høgare smitte.

-Det er viktig for meg å understreka at det er den einskilde kommune som har heimel etter smittevernlova å treffa tiltak innanfor eigen kommune. Tiltaka må vera målretta, men må og opplevast som forståelege og førehaldsmessige. Einskilde kommunar kan og ha lokale råd og tiltak i tillegg til dei vi er sams om, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

Det blir tatt ei ny vurdering i veke 3.

Se vedlegg med soneinndeling og tiltak i høgre margen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.