Statsbudsjettet: Handlingsrommet til kommunane blir mindre

- Kommunane må førebu seg på trongare tider. Vi blir fleire eldre, og dei eldre lever lenger. Forventningane om gode tenester blir større. Samstundes vil oljeinntektene bli lågare. Reknestykket går eigentleg ikkje opp, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2020

I framlegget til statsbudsjett er regjeringa tydeleg på at kommunane vil bli kompenserte for ekstrautgiftene i samband med koronapandemien, og for tapet av inntekter.

– Det er ikkje koronaen som skal velta kommunebudsjetta. Men når desse ekstrautgiftene er dekka, er det tronge rammer for kommunane neste år, seier fylkesmann Olsen. Statsbudsjettet viser det som har vore varsla, og som fleire kommunar allereie merkar effekten av.

I inneverande økonomiplanperiode planlegg mange kommunar i Vestfold og Telemark med svært svake, i fleire tilfelle negative driftsbalansar.

- Det er viktig at kommunane no planlegg godt for framtida, og gjer nødvendige omstillingar i tenestene. Berre ved å tenkja nytt kan kommunane halde oppe kvaliteten i tenestene til innbyggarane. Skal reknestykket gå opp må ressursane bli brukte meir effektiv, seier Per Arne Olsen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.