Fylkesmannen skiftar namn i 2021

Regjeringa skal endra dei kjønnsspesifikke stillingstitlane til å bli kjønnsnøytrale i alle statlege verksemder. Fylkesmannen får nytt namn frå årsskiftet.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.06.2020

— Det er på høg tid at me endra namna på stillingstitlane i staten til å bli kjønnsnøytrale. Derfor har regjeringa bestemt at statens øverste representant i fylka skal ha eit kjønnsnøytralt namn fra 1. januar 2021, seier kommunal og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Når stillingstittelen "fylkesmann" blir endra, må også namnet på verksemda endrast.

Færre og færre kjønnsspesifikke stillingstitlar

Det er alt nå mange stillingstitlar i samfunnet som over tid har, både formelt og uformelt, endra namn. Rådmann har blitt til kommunedirektør i mange kommunar. Helsesøster har blitt helsesjukepleiar og kontordame har blitt sekretær.

Kom gjerne med forslag!

Det er nok mange synspunkt på kva dagens fylkesmann skal heita i framtida. Du kan komma med forslag på Kommunal- og moderniseringsdepartementet si Facebook-side.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.