Knallgod kommunal koronakommunikasjon!

Kommunane i Vestfold og Telemark gjer alle ein særs god jobb på kommunikasjonssida nå under Koronapandemien, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.04.2020

I forskrift om kommunal beredskapsplikt §4, som handlar om kommunen sin  beredskapsplan, krevs det mellom anna:

e) plan for krisekommunikasjon med befolkningen, media og egne ansatte

Kor mange av kommunane som nå aktivt nyttar planverket veit vi ikkje, denne krisa er jo på mange måtar ei krypande krise som kanskje ikke passer heilt inn i planar som gjerne har vore orientert mot endå meir akutte og forsåvidt også kortvarige kriser som skred, flaum, skogbrann, straumbrot mv.

Det vi uansett kan registrere er ein imponerande kompetanse og kreativitet i måten kommunane  handterar kommunikasjonsarbeidet på nå under koronapandemien, ikke minst knytt til alle dei utfordringane som dei nasjonale tiltaka har ført med seg, seier Olsen.

Kommunene var tidleg ute med god informasjon

Allereie for drygt 3 veker sidan, måndag 23. mars, gjekk Fylkesmannen gjennom alle kommunale nettstader i Vestfold og Telemark for å sjå korleis det vart jobba med Koronainformasjon. Alle kommunane hadde då fått ut godt med informasjon, og 22 av 23 kommunar hadde oppretta eigne temasider (den siste kommunen har fått temaside på plass no).

Utover å sjå generelt på kva som var lagt ut og vurdere dette så registerte vi óg:
a) om kommunane hadde byrja å registrere tilgjengelig helsepersonell
b) om dei hadde byrja å registrere friviljuge
c) om dei hadde oppretta eigen informasjonstelefon
For alle desse punktane var svaret at drygt halvparten av kommunene hadde sett i verk eit slikt tiltak.

Stor kreativitet og bredde i kommunikasjonsarbeidet og tenestetilbodet

Nedanfor er nokre av dei kommunikasjonstiltaka vi har registrert:

  • Aktiv informasjon innad i eigen organisasjon. Leiarar står fram og følgjer opp personellet sitt, spesielt dei som arbeider i førstelinja
  • Ordførarar frontar aktivt kommunen sitt arbeid og er synlege
  • Innspeling av informasjonsvideoar 
  • Kommunen ringer alle innbyggjarar over 75 år for å høyre korleis dei har det 
  • Tilbod om bestilling og heimkøyring av matvarer
  • Eigen Koronatelefon
  • Vennetelefon
  • 6 råd frå kommunepsykologen
  • Daglege pressemøte (kommunar med høg smitteaktivitet)
  • SMS med informasjon til innbyggjarane
  • Nettmøte med publikum
  • Aktiv bruk av lokalaviser (inkl fast annonsering)
  • Samarbeid med lokalradio
  • Aktiv bruk av sosiale medier, fyrst og framst Facebook
  • Aktiv bruk av tilvisingar til nasjonale nettstader med koronainformasjon

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar