Kommunane har hatt koronautgifter på 75 millionar

Kommunane i Vestfold og Telemark har hatt koronautgifter på meir enn 75 millionar kroner. Dei kan auke med 19 millionar kvar veke framover. Inntektene er reduserte med meir enn 30 millionar, og kan bli reduserte med nesten 4,5 millionar i veka framover. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.04.2020

I tillegg kjem tap av skatteinntekter og brukarbetalingar i barnehage og SFO. Tala er basert på uvisse anslag frå kommunane.

- Fleire kommunar hadde i utgangspunktet ein anstrengt økonomi. Når dette kjem på toppen, blir det ei særs utfordrande situasjon for mange kommunar, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bede fylkesmennene om grove anslag for dei direkte meirutgiftene kommunane har hatt knytt til koronautbrotet. Fylkesmannen har derfor bede kommunane i fylket å anslå oppsamla meirutgifter til no, venta meirutgifter framover og ei vurdering av tap av inntekter framover. Det har kome innspel frå 22 av 23 kommunar i fylket. Desse utgjer om lag 97 % av folketalet i fylket.

- Kommunane understrekar at det er svært krevjande å gjere disse anslaga. Særleg gjeld dette anslag på meirutgifter og inntekter framover. Her avheng mykje av korleis pandemien utviklar seg i tida som kjem. Det vil òg kunne vere ulike føresetnadar som ligg til grunn for kommunane sine innspel, seier kommuneøkonomirådgjevar Mats Øivind Willumsen hos Fylkesmannen.

Meirutgifter
- Kommunane sine direkte meirutgifter er så langt på meir enn 75 millionar kroner. Det er anslått at meirutgiftene vil auke med meir enn 19 millionar kroner kvar veke framover. Dette er ikkje ein fasit, men det beste anslaget kommunane kunne gjere på kort varsel, seier Per Arne Olsen. 

Tenester innan helse og omsorg, medrekna legeteneste, samt vikarar for tilsette i karantene, utgjer ein stor del av utgiftene. Dette er både utgifter til personell og til utstyr. Det er særleg sosialhjelpsutgifter som er venta å auke framover.

Til samanlikning har Fylkesmannen fått i oppdrag å fordele 31 millionar kroner i ekstra statlege midlar til kommunane. Halvparten av desse midlane er allereie fordelt mellom kommunane.

Svikt i inntekter
Kommunane har samla reduserte inntekter på meir enn 30 millionar kroner til no, og ventar reduserte inntekter på nesten 4,5 millionar kroner per veke framover. Dette er mellom anna knytt til lågare gebyrinntekter frå byggesakshandsaming og liknande, reduserte parkeringsinntekter og lågare leigeinntekter frå kultur, idrettshallar og svømmehallar.

I tillegg kjem tap av skatteinntekter og bortfall av foreldrebetaling i barnehage og SFO.  Stortinget har vedtatt å auke tilskotet til kommunane med 3,75 milliardar kroner. Midlane blei utbetalte til kommunane i dag. I tillegg har Stortinget vedtatt å auke tilskotet med 1 milliard som kompensasjon for bortfall av foreldrebetaling i barnehage og SFO. Desse midlane er førebels ikkje fordelte.

Tap på finansplasseringar vil kunne utgjere store beløp for fleire kommunar. Likeins vil tap frå sal av kraft kunne gjelde fleire kommunar. Koronasituasjonen fører til lågare kraftpris.  Desse tapa er ikkje med i anslaget på 30 millionar kroner i reduserte inntekter.

- Det er altså betydelege tap av inntekter for kommunane, i tillegg til tapa som allereie er heilt eller delvis kompenserte, seier fylkesmann Per Arne Olsen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.