Informasjon om koronaviruset

Fylkesmannen har tett dialog med kommunane og helseforetaka om handteringa av situasjonen i samband med koronaviruset. Denne veka er det møte i fylkesberedskapsrådet. Fylkesmannen skal i tillegg ha eigne møter med alle ordførarar og rådmenn i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.03.2020

Fylkesmannen er bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter. Via fylkeslegen formidlar vi informasjon frå Helsedirektoratet til kommuneoverlegar, melder innspel og spørsmål frå kommunane tilbake til sentrale styresmakter, og legg til rette for samvirke mellom relevante aktørar på regionalt nivå. 

I samband med koronaviruset, blir det gjennomført vekesmøter mellom Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet, helseforetaka og landets fylkesmenn, der det blir gitt gjensidig informasjon om status og råd om tiltak knytt til dette.

Dei viktigaste grepa vi alle kan ta for å hindre spreiing av virus er å ha fokus på god hand- og hostehygiene, jf. råda frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstuttet.

Smittevern i influensasesong og utbrotet av koronavirus
Dei førebyggjande råda til innbyggjarane er dei same som ved influensa.

Enkle, men viktige tilrådde smitteverntiltak:

  • Bruk papirlommetørkle føre munn og nase for å verne andre, dersom du hostar eller nys. Kast lommetørkleet etter bruk, og vask deretter hendene.
  • Bruk albogekroken når du må hoste og nyse, og ikkje har papirlommetørkle tilgjengeleg.
  • Vask hendene ofte og grundig, særleg når du har vore ute blant folk.
  • Handdesinfeksjon med alkoholhaldige middel er eit godt alternativ når handvask ikkje er mogleg, til dømes på reise.
  • Kva gjer ein dersom ein mistenker at ein kan ha vore utsett for smitta av koronavirus, til dømes ved reise utanlands?
  • Kontakt fastlege/legevakt per telefon for å avtala prøvetaking og timeavtale.

Oppdatert informasjon om koronavirus
Det er Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet (HDIR) som koordinerer tiltaka på nasjonalt nivå.

For meir informasjon om sesonginfluensa og koronavirus, sjå nettsidene til Helse Noreg og Folkehelseinstituttet (FHI).

Informasjonsfilm om korona
Helsedirektoratet har laga ein informasjonsfilm om koronaviruset.

Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus. I YouTube-filmen: https: https://youtu.be/v1W249tl1vA får du svar på spørsmål Hermine (13) stiller Helen (lege i Helsedirektoratet). Filmen gir òg informasjon som er viktig at vaksne veit.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar