Tilråding: Ånås i Kviteseid
Statsforvaltaren har sendt tilråding til Miljødirektoratet om frivillig vern av Ånås i Kviteseid kommune.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark tilrår vern av Ånås naturreservat i medhald av naturmangfoldloven (lov om forvaltning av naturens mangfold). Området er eit nytt naturreservat.
Tilrådinga omfattar 4018 dekar nytt verneareal. Totalt skogareal er 3430 dekar, og av dette er 3185 dekar produktiv skog. Skogdata er oppgitt av AT Skog og skogareal er rekna ut i UTM sone 33. Totalt verneareal i UTM sone 32 er 4002 dekar.
Dei største biologiske verdiane i området er knytt til kjerneområde 4, men dette området opptek til gjengjeld ein forholdsvis stor del av avgrensa areal. Området blir vurdert samla å vera i nedre sjiktet av nasjonalt verneverdig (**).
Området oppnår høg mangeloppfylling på mangelnaturtypar som følgje av over 50 daa rik blandingsskog i låglandet og i tillegg ein del alm-lindeskog som begge har stort udekt vernebehov i Telemark. Området oppnår middels mangeloppfylling på generelle manglar som følgje av over 250 daa låglandsskog, over 25 daa høgbonitetsskog og over 25 daa biologisk gammal skog i sørboreal sone. Området oppnår samla middels mangeloppfylling.
Vedlegg i saka finn du under "Dokumenter".
Kontaktpersonar
Dokument
- Utgåande brev.PDF
- Tilrådingdokument - Ånås.PDF
- Forslag til forskrift - Ånås.PDF
- Kart - Ånås.PDF
- BANE NOR - 15.08.24.PDF
- DMF - 29.08.24.PDF
- Forum for natur og friluftsliv Telemark - 26.08.24.PDF
- Grunneiere Gnr. 20 Bnr. 4 - 30.08.24.PDF
- Lede AS - 07.08.24.PDF
- NVE Uttalelse - høring av verneplan - 05.09.24.PDF
- Språkrådet - 10.07.24.PDF
- Statnett - 21.08.24.PDF
- Uttalelse Statkraft Energi AS - 17.09.24.PDF