Ta omsyn til villrein i påskefjellet

Vinter og villrein på vidda. Foto:  Kristian Kvaalen Herregården
Vinter og villrein på vidda. Foto: Kristian Kvaalen Herregården

Påska står for tur og fjellet vil lokke mange av oss opp. Men det er viktig å huske at vi berre er gjester der, og at det er nødvendig å visa omsyn til villreinen.

Publisert 20.03.2024

Vi ber alle skituristar og andre som ferdast i påskefjellet om å ta omsyn til villreinen og unngå unødig uroing av dyra.

Svært sårbar

Ut over vinteren kan mattilgangen for villreinen vere dårleg samtidig med at fosterveksten aukar. Dette kan tære kraftig på kroppsreservane til mora, og det vil seie at villreinen no ved påsketider er svært sårbare for menneskelege forstyrringar. Han har all grunn til å frykta oss, også fredelege turgåarar kan løyse ut panikk og flukt hos dyra.

Kunnskapen om dei pressa villreinområda våre blir stadig betre, og det er eit mål å få dyra til å bruka mest mogleg av sine leveområde. Veier og andre ferdselsårer i fjellet (stiar, skiløyper, snøscootertraséer) er barriere for villreinen og kan ha påverknad på arealbruken til dyra.

Påsken fell samtidig med at kalvetunge simler er nær eller går mot sine kalvingsområder. Etter ein tøff og lang vinter er dei svært sårbare og simla «kastar», det vil seia aborterer, fosteret om den må.

Rein på vinterbeite på Hardangervidda. Foto: Anders Mossing
Rein på vinterbeite på Hardangervidda. Foto: Anders Mossing

Pass på bandtvang - og vindretning

Reinen har ein fenomenal luktesans. Er vindretninga riktig får den lukta av oss på fleire kilometer hald. Det gjeld særleg simlene og ungdyra som følgjer dei, medan bukkane vanlegvis er meir tolerante.

Følg derfor "villreinvettreglane" som Norsk villreinsenter har laga. Meir om dei finn du på heimesida til Norsk villreinsenter

Det er viktig at hundeeigarar respekterer bandtvangen (gjeld frå 1. april) og held den gode vennen sin under kontroll.

Så om de treffer på villreinflokkar, ta omsyn til vindretninga og prøv å unngå unødige forstyrringar.

Nyt påskefjellet og takk for at de tar omsyn!

 

Simle med nyfødt kalv. Foto: Terje Skogland
Simle med nyfødt kalv. Foto: Terje Skogland

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fagsjef Natur:
Arne Christian Geving
Telefon 33 37 23 51 / 90 04 39 15

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding