Tilskot for å vareta naturmangfald i kommuneplanlegginga
I 2021 er det i statsbudsjettet sett av 1 million kroner til ordninga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.01.2021
Kommunar kan søkje om midlar til tiltak som hjelper til å styrkje arbeidet med naturmangfald. Det er eit mål at kommunane skal auke kunnskapen sin om eigne naturverdiar, slik at dei kan gjere politiske val på eit betre kunnskapsgrunnlag tidleg i planprosessane.
Søknadsfrist er 1. februar 2021.
Spørsmål om søknadssenteret kan sendast til:
Miljødirektoratet på e-post esshjelp@miljodir.no
eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00)