Økologiske grunnkart lansert
Gode kartdata er viktig når tiltak i naturen skal planleggast. No er naturmangfald på kart samla og presentert på éin stad – i ei meir brukarvennleg oversikt over kvar naturverdiane finst.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Kartportalen jobbar opp mot en rekkje datasett frå mange leverandører. Kartportal for økologiske grunnkart er utvikla av Artsdatabanken, med god hjelp fra flere samarbeidspartnere. Mellom anna har Miljødirektoratet levert to heilt nye produkter: Kart som viser kor sannsynleg trua arter kan finnast i eit område, og kart over natur i verneområder.
- Naturbase.no har vi brukt i mange år, og er eit skreddarsydd verktøy for å forvalta areal med naturverdiar. Naturbase inneheld fleire funksjonar til å behandla kartdata enn den nye portalen, fortel fagsjef Arne Christian Geving. - Men økologisk grunnkart kan være svært viktig for raskt få oversikt over alle naturverdiar, særleg for kommunal forvalting, for utbyggjarar, grunneigarar og andre med interesse for naturverdiar.