Hjelp oss å finna plastpellets
![Foto: Kystverket.](/siteassets/fm-vestfold-og-telemark/miljo-og-klima/nyheter/bilder/2020/rydde-plastpellets-foto-kystverket.jpg)
Kystverket ønsker observasjonar frå publikum for å finna plastpellets. Du kan ringa publikumstelefonen for å melda inn.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 20.05.2020
Oppryddinga av platspellets er i gang, og Kystverket er avhengig av observasjonar frå publikum for å kunna rydda der det trengst.
Kystverket har derfor oppretta ein publikumstelefon, der du kan ringa inn for å melda om funn. Dersom du har funne små mengder og plukkar det opp sjølv er det berre fint, men si gjerne i frå til Kystverket uansett. Då får dei ei oversikt over kor mykje som er plukka opp.