Nye klimawebinarer for kommunane
Miljødirektoratet tilbyr nye webinarer om klimatilpassing og korleis kommunane kan kutte utslepp av klimagassar. Rundt 50 webinarer kan sjåast i opptak.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 15.09.2020
Webinarene er timelange, direktesende seminar på nett for kommunane. Her får deltakarane eksempel på klimaarbeid i kommunar over heile landet, supplerte med kunnskap frå fagmiljø og andre ekspertar.
Komande webinarer
Her er den førebelse oversikta over hausten sine webinarer om lokalt klimaarbeid. Fleire webinarer vil komme.
- 8. september: Klimakrav i offentlege innkjøp - kom i gang
- 15. september: Lading i burettslag - korleis kan kommunane hjelpe?
- 13. oktober: Klimatilpassing: Praktisk bruk av klimaprofil
- 27. oktober: Klimatilpassing: Drikkevatn i eit endra klima
- 24. november: Klimarisiko for kommunane
- 15. desember: Klimatilpassing: Kunnskap om risiko og sårbarheit
På heimesida til Miljødirektoratet finn du meir informasjon og påmelding til dei ulike webinara.