Skogeigarar i Hjartdal og Tokke – redd verdiar før borkbillene tar dei!

Stor granborkbille i morgang og larver i næringsgnag.
Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark (Ingrid Knotten Haugberg).

Mykje granskog i Hjartdal og Tokke har vorte angripe av granborkbiller og døydd i løpet av sommaren. Nabokommunane Vinje, Seljord, Tinn og Kviteseid er òg i risiko for angrep, etter stormen i 2021. Me oppmodar skogeigarane om å gå ut og skaffe seg oversikt over eigen skog og vurdere hogst av frisk granskog for å redde verdiar.

Publisert 20.08.2024

Prioriter grøne graner, ikkje grå og brune

Om du har grøn, levande granskog i nærleiken av skog som er angripen av borkbiller, er det denne du bør vurdere å hogge. Granborkbillene som er klekt i år, vil overvintre i bakken og gå til angrep på nye tre til våren. For å unngå dette, kan det vere aktuelt å hogge gran i hogtsklasse fire og fem. Granborkbillene føretrekkjer vanlegvis ikkje yngre skog. 

Tre som allereie har sleppt borken eller har brune nåler har tapt sin verdi som fersk virke. Dei har under halvparten av verdien til friskt virke. Hogst av slikt daudt virke bør ikkje prioriterast. Tvert imot kan det vere ein fordel at ein del av desse trea står att i skogen, då dei er bustad for naturlege fiendar av granborkbilla. Daudt virke kan seljast som biovirke ved eit seinare høve.

Ikkje all skog let seg hogge

Det er mange bratte lier og mykje utilgjengeleg terreng i Hjartdal og Tokke. Det er ikkje alt tømmer det er lønnsamt eller mogleg å ta ut. Skogeigar bør ta kontakt med ein tømmerkjøpar for å få hjelp til å vurdere om det er aktuelt å hogge. Tømmerkjøparane vil prioritere hogst i område som er utsett for borkbilleskadar for å redde verdiar og hindre at billene spreier seg.

Bruk hausten og vinteren godt

Hugs at det tar tid å planleggje hogst og skaffe driftskapasitet. Når borkbillene har angripe om våren, har ein berre eit par månader på seg til å få ut tømmeret før nyklekte biller flyg ut frå stammane, og endå kortare tid før tømmeret har tapt sin verdi som ferskt, friskt virke. Ein må difor nytte hausten og vinteren til å bestille og gjennomføre hogst, om ein skal vere sikker på å redde verdiane.


Enormt mykje biller i Hjartdal

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har målt mengda med borkbiller i Noreg kvart år sidan 1979. Det er kommunane som setter opp feller og måler fangsten. NIBIO har sett 30 000 biller per felle per sesong som «utbrotsnivå». Det vil seie at det då er så mange granborkbiller til stades at dei kan drepe frisk skog. I Hjartdal vart det i sommar på ein fangststad fanga 76 875 biller per felle! Ingen andre kommunar er i nærleiken av slik tal, heldigvis.

Kvifor er det mykje biller no?

Granborkbillene angrip tre som er svekka. Stormen som traff nord og vest i Telemark 19. november 2021 førte til mange vindfelte tre, noko som lokkar til seg granborkbiller. Den store mengda med vindfelt virke har gjort at billene har hatt gode føresetnadar for å auke i talet. Normalt angrip ikkje granborkbiller frisk skog, men når dei er mange nok, kan dei drepe frisk granskog.

Forsking har synt at toppen i borkbillebestanden kjem tre år etter ei hending som har gjeve gode vekstvilkår for billene, slik som storm eller tørke. Det skulle tilseie at toppen i borkbilleførekomsten etter stormen er no i 2024. Likevel, då det var så mange biller i sommar og det er sannsynleg at granskogen i området framleis er redusert etter stormen og rotrykkinga i 2021, er det grunn til å vente billeskadar òg i dei kommande sesongane. Det vil vere store lokale variasjonar.


Korleis kan ein kjenne att borkbilleangrep?

I granliene kan ein mange stadar sjå daude, grå graner og graner som har vorte brune i baret og er i ferd med å døy. Om det er borkbiller som har drepe trea, kan ein sjå på nærare hald. Om trea har sleppt borken, kan ein sjå det særprega gangsystemet til granborkbilla Ips typographus i veden. Om det er kort tid sidan billene angreip, heng borken på, og ein må skjere i borken med kniv eller øks for å sjå om det er larvar eller biller under borken.

Borkbillene svermar om våren, og då kan ein sjå boremjøl på granstammar som billene har bora seg inn i. No har regn vaska bort boremjølet, og ein kan sjå små borehol på borken på stammen. Misfarga bar, kvaeutflod på stammen om nåledryss på bakken er andre teikn på at treet er under angrep.

Bør ikkje all skadd skog ryddast opp i?

Ein del lier er så bratte og utilgjengelege at det ikkje er praktisk og økonomisk mogleg å drive ut tømmeret. Dessutan er ein god del av dei bratte liene avsett til naturvernområde, føreslått som naturvernområde eller avsett som nøkkelbiotopar i skog. I slike område skal det ikkje ryddast opp. Det kan vere positivt for det biologiske mangfaldet, då det vil vere mange nedbrytarar som nytter seg av den daude veden. Etter kvart kan det verte fleire lysopningar og meir variert alders- og treslagssamansetning i slike område.

Det viktige er å fylgje med på granskogen som ligg omkring angripe skog og konsentrere seg om hogst av skog som er levande og tilgjengeleg.


Vil du vite meir?

NIBIO har laga ein serie med 10 korte artiklar om granborkbilla sitt levevis, skadar og førebygging. Det er interessant og informativ lesing.

Landbruksdirektoratet har laga ei eiga nettside om borkbilleberedskap, kor det mellom anna finst lenker til opplæringsfilmar som syner korleis du kan kjenne att stor granborkbille.

I NIBIO sitt kartverktøy Kilden er det eigne kartlag for borkbilleovervakinga, kor ein kan sjå fangstane på dei ulike fellestadane i kvar kommune, sonevis varsel for utbrot og annan informasjon.


 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.