Skogeigarar i Hjartdal og omland må sjekke skogen sin!

Stor granborkbille, Ips typographus, i morgang og larver i næringsgnag
Stor granborkbille, Ips typographus, i morgang og larver i næringsgnag. Foto: Ingrid Knotten Haugberg.

Det var enormt mange granborkbiller i fellene i Hjartdal, då kommunen gjorde sesongens første tømming førre veke. No må skogeigarar i Hjartdal og andre kommunar med mykje vindfall gå ut i skogen og sjå etter billeangrep. Hogst for å redde verdiar er aktuelt.

Publisert 30.05.2024

Vindfall er årsaka

Vindfellingane frå hausten 2021 har ført til ei kraftig auke i mengda med borkbiller. Ikkje uventa, er billemengda på topp, tredje sesong etter at skaden oppstod. Når borkbillene får tilgang på svekka skog, slik dei fekk etter vindfellingane, kan billemengda auke svært mykje.

Enorme mengder granborkbiller

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har sidan 1979 gjennomført årlege registreringar av granborkbillebestandene i Noreg. Kommunane gjer jobben med å setje opp og tømme fellene. Dei skal tømmast fire gonger gjennom vekstsesongen. Ti kommunar i Vestfold og Telemark er med i overvakingsprogrammet.

Førre veke vart den fyrste tømminga gjennomført. I Hjartdal kommune var det på den eine fangststaden 35 000 granborkbiller i gjennomsnitt per felle. Til samanlikning, har NIBIO definert 30 000 biller per felle som utbrotnivå, det vil seie at mengda med granborkbiller er så stor at den kan drepe frisk granskog.

Særskilt stor fangst på ein stad, treng ikkje å tyde at det blir utbrot av granborkbiller i frisk skog. Det kan vere særleg mange biller i fellene, fordi billene har sverma samla og massivt i varmen og fordi mange borkbiller hadde overvintra i nærleiken av den ferske hogstflata, der billefellene stod. Likevel er det all mogleg grunn til å undersøke skogen sin og sjå etter angrep på ståande skog.

Høg risiko for angrep lokalt – skogeigarar må ut i skogen!

Landbruksdirektoratet og NIBIO har etter resultata frå årets fyrste tømming av billefeller, vurdert at det er høg risiko for utbrot av granborkbiller lokalt. Risikoen er størst i kommunane som vart råka av vindfellingar hausten 2021.

Skogeigarar i Hjartdal, Tokke, Tinn, Vinje, Kviteseid og Seljord må difor vere ekstra merksame og gå aktivt ut og sjå etter borkbiller og skadar i skogen.

Korleis kjenne att angrep?

Borkbillene angrip svekka grantre og borar seg inn i borken, kor dei parar seg og legg egg. Når egga klekkast, gneg larvene i seg næring mellom borken og veden i trea, før dei forpuppar seg, og nye granborkbiller flyg ut etter nokre veker.

Når billene nett har bora seg inn, kan ein sjå ferskt, brunt boremjøl på trestamma. Regn vil skylje bort mjølet. Ein kan òg sjå små borehol i borken på trestamma. Ein bør ha med seg kniv og spikke av litt bork for å sjå om det er biller i bastlaget mellom borken og veden.

Landbruksdirektoratet si nettside er det delt fleire videoar om korleis ein kan kjenne att stor granborkbille.

Vurder hogst

Skogeigarar som har granskog med borkbilleangrep eller granskog i nærleiken av skog som er angripen, bør vurdere å hogge for å redde verdiar. Det tar berre få veker frå eit tre vert angripe til det har tapt sin verdi som ferskt virke. Granborkbillene har med seg ein blåvedsopp som bidreg til å drepe trea. Skogeigar har difor veldig kort tid på seg, om ein skal få ut tømmer som allereie er angripe. Når ein har hogd tømmer med biller under borken, er det viktig at tømmeret fraktast ut av skogen så snart som mogleg, før nyklekte biller flyg ut.

Graner som allereie er drepne av borkbiller, og kor billene har forlate treet, kan sparast for hogst. Dei har tapt sin verdi som ferskt virke, og dei kan huse naturlege fiendar av granborkbillene.

Dei områda som bør prioriterast for hogst, er skog som nyleg er angripen av biller, og ståande, frisk skog i nærleiken av skog som er angripen av borkbiller. Dette er tre som står i fare for angrep av borkbiller seinare i år eller neste år.

Skogeigarar bør undersøke skogen sin no og jamleg gjennom sommaren. Om det er teikn til billeangrep i skogen eller i nærleiken, bør skogeigar ta kontakt med ein tømmerkjøpar. Skogbruksleiar kan saman med skogeigar vurdere kva for tiltak som er aktuelle og når dei skal gjennomførast.

Meir informasjon

NIBIO har eigne temakart for borkbilleovervaking i kartløysinga Kilden. Der vert det lagt ut resultat frå felletømmingane og risikovarsel som vert oppdatert fredagane i veke 21, 24, 28 og 33. I tillegg ligg det andre kartlag om borkbiller der.

NIBIO har ei nettside om borkbilleovervakinga, der mellom anna årsrapportane frå overvakinga ligg.

Landbruksdirektoratet har ei eiga side om borkbilleberedskap, der det i tillegg til videoar om korleis ein kan kjenne att angrep, ligg mykje nyttig informasjon og ei rekkje lenker til artiklar om granborkbiller.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.