Spørjeundersøking til deg/dykk som er mjølke- og storfeprodusentar i Telemark

Me ønskjer å gjennomføra ei spørjeundersøking til alle mjølke- og storfeprodusentar i Telemark.

Publisert 15.05.2024

Forskrift om hald av storfe vart innført i 2004. Kravet var då at norsk mjølke- og storfeproduksjon skulle gå føre seg i lausdriftsfjøs innan 2024.

Bakgrunnen for dette er eit ønske om å gi dyra høve til fri rørsle i fjøset. Seinare vart dette kravet utsett til å gjelda frå 01.01.2034.

Med bakgrunn i dette ønskjer me å gjennomføra ei spørjeundersøking til alle mjølke- og storfeprodusentar i Telemark:

LENKJE TIL SPØRJEUNDERSØKING

Med undersøkinga ønskjer me å avklara dagens status, og få signal på forventningar i framtida om overgangen frå båsfjøs til lausdrift.

Spørjeundersøkinga er eit samarbeid mellom Telemark Bondelag, Telemark Bonde- og Småbrukarlag, Fylkeskommune, Innovasjon Norge, og Statsforvaltaren. Me har også vore i dialog med TYR Telemark, Tine, Nortura, og Fatland og dei er positive til at me tek tak i dette arbeidet.

Me ber deg/dykk derfor om å avsetja nokre minutt til å svara på dei spørsmåla som blir stilte, dette for å få eit best mogleg utfordringsbilete.

Ber om svar innan 01.07.2024

Meir informasjon om overgangen frå båsfjøs til lausdrift

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.