Sesongkalender for frukt, bær, grønsaker og potet
Denne kalenderen skal hjelpa deg å finna norske sesongprodukt av frukt, bær, grønsaker og potet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Å kjøpa norske sesongprodukt er berekraftig og du får produkt som er ferske og har god smak. Kalenderen er produsert av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i samarbeid med Vestfold og Telemark Bondelag. Kalenderen er støtta av Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Vi ønsker å visa kokkar og matfaglege miljø kva som finst på marknaden av frukt, bær, grønsaker og potet i norsk vekstsesong. I møte med HoReCa (Hotell, restaurant og catering) og institusjonskjøkken opplevast mangel på kunnskap om norske sesongar. Kjøkken rekrutterer òg mange tilsette som ikkje kjenner norsk produksjon og sesong. Vi ser òg at kunnskap om norske sesongar er viktig for å kunna stilla krav til lokal mat i offentlege innkjøp. Av omsynet til klima er òg lokale produkt å føretrekka, og det gir norsk landbruk eit konkurransefortrinn.