Draumen om fagskule for frukt og bær kan no bli verkeleg
Det er ei politisk satsing på grøntsektoren, og kompetanse i landbruket har komme endå meir på agendaen under koronapandemien.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I Grøntutvalet sin rapport «Grøntsektoren mot 2035» var ei av oppmodingane å vurdere grunnlaget for å etablere fagskuletilbod innan gartnarfag og driftsleiing. Fruktnæringa i Telemark har tatt initiativ til eit ønske om å etablere ein fagskule frukt og bær på Nome vidaregåande skule avd Søve. Initiativet har fått middel frå dei nasjonale tilretteleggingsmidlane for å utvikle eit nasjonalt fagskuletilbod på frukt og bær, med ønska oppstart hausten 2023.
Det er stor støtte i næringa for eit fagskuletilbod på frukt og bær og både Gartnerhallen, Gartnerforbundet og Bondelaget har gitt initiativet ei brei støtte. Det blir arbeidd for eit samla nasjonalt fagskuletilbod for frukt- og bærnæringa. Dette er viktig for ei innovativ næring. Det er fleire sterke frukt- og bærmiljø i landet og målet er å samla desse i eit godt samarbeid for norsk frukt- og bærproduksjon.