Vannforvaltningsplan for Vestfold og Telemark 2022-2027

Utkast til nye plandokument er lagt ut til høyring med frist 31. mai 2021. I samband med dette arrangerer Vannregion Vestfold og Telemark møter og webinarar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.03.2021

Arbeidet med tiltaka i jordbruket og for avløp mm som kommunane har deltatt i, er å finna oppsummert i utkastet til tiltaksprogram.

Høyringsdokument

Det er 3 plandokument til høyring:

  1. Utkast til regional vannforvaltningsplan for VT
  2. Utkast til regionalt tiltaksprogram for VT
  3. Utkast til regionalt handlingsprogram for VT

Møter

Det blir arrangert 1 høyringsmøte og 7 webinarar med ulike tema.

Desse blir arrangerte i samarbeid med Vannregion Innlandet og Viken.

Høyringsbrev, dokument og webinar finst på Vannportalen.

Høyringsinspel skal sendes til Vestfold og Telemark fylkeskommune.

 

Nasjonal vassmiljøkonferanse

Blir arrangert av miljødirektoratet 27. og 28. april med tema: «Auka innsats mot felles mål».

Informasjon og førebels program: Vannportalen

 

Alle møta blir  arrangerte digitalt.

 

Høyringsinnspel kan sendast frå kvar kommune, eller samla frå kommunane i eit vassområde. 

Dette må avklarast med vassområdekoordinatorane. Se liste med namn hos Statsforvalteren VT

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar