Matgledesatsing i Vestfold og Telemark
Vestfold og Telemark blei med i den nasjonale satsinga Matgledekorps i 2020. Covid-19 gjorde at vi måtte tenke nytt i forhold til aktuelle tiltak da sjukeheimane blei stengde for besøk.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
I 2021 held arbeidet fram med Matgledekorps i Vestfold og Telemark. Det er gjort opptak til ein film som skal brukas i eit webinar i lokalet til ‘Spiller ingen kasserolle' i Porsgrunn. Webinaret vil bli prøvd ut mot ein kommune før det vert tilgjengeleg for fleire kommunar sine eldreinstitusjonar for å vise kva Matgledekorpset kan bidra med.
Filmselskapet ‘Cynergi Film & TV' har stått for regien, opptak og redigering av lyd og bilde. Filmen skal brukast som eit webinar til dei kommunane som vil sette matglede for eldre på dagsorden.
Bilete: Filminnspeling av Matgledekorpset. Foto: Cynergi AS
På biletet: Erlend Eliassen, Anders Johan Pedersen og Liv Ekre frå Matgledekorpset i Vestfold og Telemark og fotograf Petter Askø Næss frå Cynergi Film & TV.