Areal ute av drift- satsinga er i gong i kommunane
Kommunane i Vestfold og Telemark er no i gong med ei felles oppfølging av jordbruksareal som kan vere ute av drift i fylket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
«Kan vere» er viktig her, då NIBIO si kartanalyse syner mykje areal som det ikkje er søkt om produksjonstilskott på. Arealet kan likevel vere halden i hevd og slik sett ikkje vere ute av drift. Hovudmålet i prosjektet er å få oversikt over dei areala som er heilt ute av drift, som burde vore i drift og prioritere ei oppfølging av desse. Kommunane sitt arbeid går ut på å klassifisere areal etter tilstand og få eit godt kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid. Å halde jordbruksareal i drift er del av driveplikta, det er og ledd i FN sine bærekraftmål om sjølvberging, miljø og tilpassing til endringar i klimabilete framover.
Prosjektet har utvikla klassifiseringsmetode for å arbeide seg gjennom kartdata i kommunane og gjennom samlingar og arbeidsmøte den våren har kommunane kome godt i gong med arbeidet. Det er utvikla eigne prosjektsider kor informasjon og verktøy leggjast ut fortløpande. I samarbeid med drivepliktprosjektet i Troms og Finnmark er det gjort nyttige utvekslingar om verktøy for oppfølging av driveplikt og framgangsmåtar for kommunane. Det er full tilslutning til satsinga frå landbruksnæringa og det er mange gode krefter som drar dette arbeidet. Framover blir det meir fokus på å formidle kunnskap til grunneigarar og bønder som eit ledd i satsinga. Kommunane sine erfaringar gjennom arbeidet er verdifullt for prosjektet, og det inviterast til fleire treffpunkt framover. Satsinga har sin hovudperiode i 2021, men oppfølging av driveplikta er langsiktig.
Det er utvikla to temasider i samband med satsinga: