Vestfold og Telemark har fått ekstra middel - NMSK skogkultur

I brev frå Landbruksdirektoratet i går, 25. november, fekk Fylkesmannen i Vestfold og Telemark supplerande tildeling av NMSK-midler til tilskot skogkultur på kr 800 000. Midla er omfordelte av Landbruksdirektoratet etter fullmakt frå Landbruks- og matdepartementet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.11.2020

Dette er gode nyheiter, som inneber at vi sannsynlegvis kan dekka heile behovet for middel til tilskot til skogkultur i fylket i år. Mange av kommunane har allereie sendt søknader om ekstratildeling, til saman kr 661 141. De som har ubehandla søknader om NMSK-tilskudd og ikkje har middel igjen, må søka om ekstratildeling for konkret utgjorde så snart som mogleg.

På grunn av stor aktivitet og stor etterspørsel etter middel, gjeld framleis at de ikkje må godkjenna søknader om tilskot før de har fått ekstratildeling. Vi vil behandla søknader om ekstratildeling fortløpande, og de får beskjed pr. e-post når middel er overførte til kommunen i ØKS.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.