Tiltakspakke i skogbruket under arbeid - varsel til kommunane

Ein ekstraordinær tiltakspakke med formål om å oppretthalde aktivitet hos skogsentreprenørane er under arbeid, og vil snart bli lansert. Ordninga blir gitt som tilskot til skogeigar, og skal dekkje meirkostnader ved vanskelege drifter eller drifter som ikkje produserer stort volum.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.05.2020

Det vil bli gjennomførde møte med næringsorganisasjonane i skogbruket slik at tiltaka samsvarer med mogeleg avsetning lokalt. Det blir føresett at virkesuttaket skjer med hogstmaskin.

Tiltak som kan bli aktuelt:

- Tynning (tilskot på 75 % av kostnadene som overskrid kr. 230/m3, maksimalt 120 kr/m3)

- Kostbare drifter som for eksempel lang terrengtransport, bratt terreng, vindfallhogst, hogst med lågt virkesuttak, vekslande driftssystem, rydjingshogst (skifte av treslag), kanthogst langs skogsbilveg og mot dyrka mark, uttak av biovirke. (60 % tilskot på driftskostnader som overstig 160 kr/m3)

- Taubanedrifter (inntil 80 kr/m3 i tilskot)

Det ligg an til at fylkesmennene blir vedtaksstyresmakt for tilskotet, og at kommunane tek imot søknadene og førebur sakene, omtrent etter same mal som vi hadde for driftstilskot gjennom NMSK fram til 2020.

Vi ber kommunane vere førebudde på at ordninga kan få snarleg iverksetjing før sommaren. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dette når vi veit meir.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.