Tilskot til tettare planting

Frist for å levera søknad til kommunen var 1. august for vårplanting. Kommunane må behandla desse søknadene i ØKS innan onsdag 26. august.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.08.2020

Før tilskotet blir løyvd, skal kommunen alltid sjå til at:

  • Nødvendig dokumentasjon er levert med søknaden, dvs. faktura og tilfredsstillande kartfesting.
  • Areal, mengde plantar og bonitet er angitt på ein tilfredsstillande måte.

I tillegg skal kommunen gjennomføra ein risikobasert feltkontroll på minimum 5 prosent av plantefelta.

Neste frist for skogeigarane er 7. november for haustplanting. Søknder om tilskot som blir levert etter 7. november, vil berre bli behandla dersom det framleis er ubenyttede middel på ordninga for 2020.

Les meir hos Landbruksdirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar