Skogplanting våren 2021 – høyring av ny ordning – vent med å handsame refusjonskrav for planting

Landbruks- og matdepartementet sendte 11. mai på høyring forslag til midlertidig forskrift om tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2021. Statsforvaltaren ber dykk om å vente med å handsame refusjonskrav om planting til ny forskrift er fastsett.

Publisert 12.05.2021

Heller ikkje denne gongen er kommunane formell høyringsinstans. Kommunar som har innspel til høyringa kan sende dei til Statsforvaltaren, slik at vi eventuelt kan ta dei med i vårt høyringssvar. På høyringssida til regjeringa kan de lese høyringsbrev og høyringsnotat. Høyringsfristen er 21. mai.

Kommunane har no byrja å få inn krav om refusjon frå skogfond for plantekjøp og nyplanting gjennomført i år. Statsforvaltaren ber dykk om å vente med å handsame slike saker til ny forskrift er fastsett, sannsynlegvis få dagar etter høyringsfristen.

Statsforvaltaren har oppmoda skogeigarsamvirka AT Skog og Viken Skog om å ikkje purre på forfalne plantefakturaer før den nye ordninga er på plass. Om ordninga vert fastsett som foreslått, vil tilskotssatsane med ekstraordinært plantetilskot til skogeigarar som plantar sjølv verte tilgjengeleg i ØKS nokre dagar etter høyringsfristen. Kommunane vil få beskjed når det er klart i ØKS.

 

Frå høyringsnotatet er det verdt å merke seg:

  • Høyringsforslaget inneber ei tilskotsordning omtrent som den vi hadde i fjor. Tilskotssatsen er foreslått å vere 1,20 kr/plante
  • Det er foreslått å finansiere ordninga gjennom å omdisponere sentrale midlar til skogbruksføremål på LMD sitt budsjett
  • Det er ikkje foreslått å trekke inn eller omfordele midlar som allereie er tildelt Statsforvaltarane og kommunane
  • Tilskot til skogeigarar som plantar sjølv skal handsamast av kommunane som i fjor og forskoterast av kommunale NMSK-midlar, men kommunen vil i haust få tilbakeført beløpet som har gått til ekstraordinært plantetilskot
  • Ordninga for sentrale aktørar vil truleg omfatte dei same aktørane som i fjor og handsamast av Landbruksdirektoratet, som i fjor

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.