Skogfondsoppgåver som må utførast før årsoppgjeret

Før nyttår må det takast ein gjennomgang av skogfondskonto-vedlikehald i ØKS. Vedlagt følgjer ei oversikt over oppgåver som må utførast:

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.12.2019
  • Riktig eigarinformasjon skogfondskonti

Skogfondskonti må stå på riktige personar før kontoutskriftene blir sende ut i januar. Kommunane må gå gjennom skogfondskontoane og oppdatere dei i forhold til eigarskifte, dødsfall m.m.

For å få oversikt: Se ØKS à Vedlikehald à Skogfondskonto og søk på kategori Alle.

Det som er spesielt viktig er pkt.5 – Kontoeigar er død men kontoen ikkje er markert som dødsbu. Då må de søkje opp aktuell skogfondskonto (ØKS - Vedlikehald - Finn konto) og trykkje Rediger og setje Persontype : 2 - DØDSBU.

  • Utbetal frå skogfondskonto for skogar under 10 dekar (9899 i dei fleste kommunar)

Saldo skal vere 0 kr 1. januar (med mindre det kjem inn midlar så seint at dette ikkje er mogeleg).

For å få oversikt, gå til ØKS - Vedlikehald - Finn konto - søk på kontonummer 9899 (eller det kontonummeret de bruker).

  • Utbetal tilskot i saldo

Tilskot i saldo blir utbetalt før årsskiftet. (I nokre tilfelle er det feil å utbetale. I så fall send forklaring til Liv fmtelaa@fylkesmannen.no)

For å sjå kven som kan ha tilskot i saldo går de inn i ØKS - Rapporter - Regnskap - 54. Tilskot i saldo.

Ved utbetaling skal ein bruke same kode som blei brukt ved innbetaling, f.eks. «kode 400 veg/nyanlegg»  (evt. «720 Frigitt» ).

  • Gjennomgå tiltak med kostnad utanfor rimeleghetsverdiane

ØKS-rapport nr. 1 under Regnskapsanalyse blir brukt. Postar med feil skal rettast opp. Ta kontakt med fylkesmannen.

  • Sørg for flest mogeleg kontoutskrifter via Altinn

Heng også på ei forklaring på korleis vi får flest mogeleg kontoutskrifter sendt direkte til Altinn så vi slepp å sende så mange ut i papirformat.

Saksa frå e-post frå Landbruksdirektoratet: 

«Som nevnt tidligere hentes dette (for personlige skogeiere) fra Difi’s kontakt- og reservasjonsregister. Vi har ikke tilgang til å hente ut lister e.l. fra dette registeret, så dette kan vi dessverre ikke hjelpe til med. Ang. begrepet ‘personlig skogeier’ eller ‘privatpersoner’ som jeg også skriver noen ganger:

Det er knyttet til hvem som er registrert som kontoeier på en skogfondskonto – altså hva som er oppgitt i feltet Fnr/Orgnr: på siden med kontoopplysninger. Dersom feltet er et fødselsnummer, omtaler vi det som en personlig eier (og kontaktinformasjon hos Difi benyttes). Dersom feltet er et foretaksnummer (med to 0’er foran), er det et foretak (og kontaktinformasjon i ØKS benyttes).  I tillegg har vi noen ‘fiktive’ eiere (sameier etc.) som aldri kan varsles digitalt. De ‘personlige’ kan vedlikeholde sin kontaktinformasjon via siden http://eid.difi.no/nb/oppdater-kontaktinformasjonen-din»

 

Endring i Landbruksregisteret er det Miriam Himberg som ordnar.

Er det noko de lurer på så ta kontakt med Miriam, Liv eller Inger Sofie.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar