Skogfond - Mange vedtaksbrev via Altinn

Denne feilen har skyltes eit problem med tenesta som sender dokument til arkivering. Fleire kommunar i Vestfold og Telemark har vore utsett for dette problemet, så dei kan alle ha opplevd same feil.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2021

Problemet bestod i at eit vedtaksbrev med feil i ein kommune skapte problem med arkiveringen på alle forsøk på arkivering i same tidsrom òg for andre kommunar, og fleire kommunar har opplevd å få søknader eller vedtaksbrev sendt både 15, 40 og opptil 100 gangar til arkivet.
Denne feilen har ikkje omfatta Altinn, så skogeigar har berre fått eit vedtaksbrev.

Feilen vart retta ved ein ny versjon av ØKS denne veka, slik at dette skal forhåpentlegvis ikkje oppstå igjen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar