Skogfond - årsslutt

No nærmar det seg årsslutt for skogfond. Vi vil minne om at siste frist for utbetaling av skogfond (utan tilskot) er måndag 20. desember. Husk òg å gå igjennom lista over oppgåver som må gjerast før juleferien. Spesielt minner vi om at rapporten "tilskot i saldo" må sjekkast ein ekstra gang i veke 50.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.12.2021

Kontovedlikehald

  • Kommunane må gå gjennom skogfondskontoane og oppdatere dei i forhold til eigarskifte, dødsfall m.m.
  • Det er ikkje lov å ha ein annan eigar i ØKS enn den som er tinglyste eigar på eigedommen. Sjekk matrikkelen.
  • Sjå ØKS --> Vedlikehald --> Skogfondskonto og søk på kategori Alle.

Utbetal frå skogfondskonto for skogar under 10 dekar

  • Saldo skal vere null ved overgang til nytt år (med mindre det kjem inn midlar så seint at dette ikkje er mogeleg).
  • For å få oversikt, gå til ØKS --> Vedlikehald --> Finn konto --> søk på kontonummer 9899 (eller det kontonummeret dei bruker).
  • Bruk "kode 700 Tilbakebetalt"

Utbetal tilskot i saldo

  • Tilskot i saldo skal utbetalast før årsskiftet.
  • For å sjå kven som kan ha tilskot i saldo går de inn i ØKS --> Rapporter --> Regnskap --> 54. Tilskot i saldo.
  • Ved utbetaling skal ein bruke same kode som blei brukt ved innbetaling

Gjennomgå tiltak med kostnad utanfor rimeleghetsverdiane

  • ØKS-rapport nr. 1 under Regnskapsanalyse blir brukt.
  • Postar med feil skal rettast opp, ta kontakt med Statsforvalteren.
Skogfond --> Innboks --> Alle under behandling i ØKS:
  • Gå igjennom alle registrerte krav, slett dei som ikkje skal utbetalast.
  • Denne lista bør vera tom ved overgang til nytt år.
Siste frist for utbetaling av skogfond i ØKS
  • Måndag 20. desember er siste dag for utbetaling av skogfond (utan tilskot)

 

Dersom nokon spør så er siste frist for ekstra innbetaling av skogfond for året 2021 5. januar 2022.

Endring i Landbruksregisteret er det Miriam Himberg som ordnar.

Er det noko de lurer på så ta kontakt med  Inger Sofie eller Miriam. Bruk gjerne e-postadressa fmvtskogfond@statsforvalteren.no som begge to har tilgang til.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar